Tsjara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tsjara
elv
Kodar from charskie peski.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 87 600 km²
Lengd 851 km
Middelvassføring 620 /s
Kjelde Kodar
Munning Oljokma

Tsjara (russisk Чара) er ei elv i Zabajkalskij kraj, Irkutsk oblast og Sakha i Russland og ei av sideelvane til Oljokma frå venstre. Elva er 851 km lang og har eit nedslagsfelt på 87 600 km². Elva har ei middelvassføring på 620 m³/s.

I nedslagsfeltet hennar er det over 7000 innsjøar med eit samla areal på om lag 248 km².

Elvar har utspring på sørsida av fjellet Kodar og renn gjennom Tsjaradalen med mange stryk.

Av sideelvar finn ein Vatsja og Zjuja, og frå Zjuja og nedover kan Tsjara seglast på.

Elva har gjeve namn til mineralet charoitt, som berre finst i Sakha, i nedslagsfeltet til Tsjara.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]