Tsjastnyjeøyane
Tsjastnyjeøyane | |||
øygrupp | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Tsjastnyjeøyane |
Tsjastnyjeøyane (russisk Острова Частные; Ostrova Tsjastnyje) er ei øygruppe sør i Okhotskhavet. Ho ligg i Sakhalinbukta, like nord for Tatarsundet, mellom fastlandet og vestksyten av Sakhalin.
Øyar[endre | endre wikiteksten]
- Pilamif (Остров Пиламиф) er den største av øyane. Ho er 5 km lang og om lag 2 km brei. Pilamif er omgjeve av fleire mindre øyar.
- Tiurmus og Metmus (eller Khagemif) ligg om lag 5 km nord for Pilamif.
- Giamif ligg om lag 7 km nordvest for Pilamif.
- Bolsjoj Veliamif (eller Maltsevy) og Malij Veliamif ligg om lag 2 km sør for Pilamif.
- Bolsjoj Tsjoma eller Bolsjoj Tsjome, (Остров Большой Чома) og Malij Tsjoma er to øyar næare kysten, sørvest for Pilamif.
- Tsjakmut ligg eit stykke frå resten av øyane lenger sør langs kysten.
- Uyuzyut ligg heilt aliene, om lag 40 km nord for resten av øygruppa, like utanfor kysten av fastlandet.
Sjølv om det er busetnader nær kysten, er Tsjastnyjeøyane ikkje busett.
Administrativt høyrer Tsjastnyjeøyane til Khabarovsk kraj.
Desse små øyane har eit rikt fugleliv.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Chastyye Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Geografisk data[daud lenkje]