Tsjastusjka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tsjastusjka (russisk частушка, IPA: [tɕɪsˈtuʂkə]) er ein tradisjonell type kort, humoristisk folkesong frå russisk og ukrainsk kultur. Verset er ein kuplett med fire linjer, enkle rim og raske taktslag som vanlegvis uttrykker humor, satire eller ironi. Vanlegvis syng ein fleire tsjastusjkavers etter kvarandre.

Framseiing og synging av tsjatusjkavers var ein viktig del av bondekulturen både før og etter oktoberrevolusjonen i 1917. Omgrepet «tsjastusjki» blei fyrst brukt av Gleb Uspenskij i ei bok om russisk folkedikting frå 1889. Tsjastusjka (fleirtal tsjastusjki) kjem av tsjasto (часто), 'ofte', eller tsjastit (частить), 'å gjera noko i høg frekvens', og viser and truleg til den raske beat-frekvensen til versa.

Form[endre | endre wikiteksten]

Grunnforma er eit enkelt vers på fire liner som kan ha rimstillinga ABAB, ABCB eller AABB.

Versa blir ofte sette til musikk, vanlegvis med balalaika eller trekkspel som akkompagnement. Den stive, korte strukturen (og i mindre grad humortypen som blir brukt) kan liknast med den britiske diktsjangeren limerick, eller norske stev.

Nokre gongar blir fleire tsjastusjkavers framført i ei rekkke for å danna ein song. Etter kvart vers er det eit fullt musikalsk refreng utan tekst for å gje tilhøyrarane høve til å le utan å gå glipp av det neste. Opphavleg var tsjastusjka ei form for folkeunderhaldning, som ikkje var meint å bli framført på scena. Ofte blir dei sungne etter tur av ei gruppe menneske. Nokre gongar blir dei brukte til å halda ei slags spottetevling mellom ulike framførarar. Improvisasjon blir høgt verdsett under tsjastusjkasong.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Tsjastusjka dekker eit breitt spekter av emne, frå frekke vitsar til politisk satire, inkludert så forskjellige tema som kjærleikssongar og kommunistisk propaganda.

Etter den russiske revolusjonen i 1917 har tsjastusjka variert mykje i innhald frå region til region. I nokre område som blei særs hardt råka av prodrazvyorstka, kornomfordelinga under den russiske borgarkrigen, som i Ryazan, pleidde bondevers å vera særskilt bitre.[1] Andre stader, særleg område nær Moskva under stalinstyret, framførte ein gjerne vers som prisa bolsjevikstyret til Stalin.[1]

Tidleg på 1920-talet blei tsjastusjka brukt av Ungkommunistane i organiserte landsbysamlingar som ei form for anti-religiøs propaganda der dei gjorde narr av kyrkja og geistlege gjennom den tradisjonelle diktforma.[2] Forskaren Lynne Viola gjev eit døme på eit anti-religiøst sovjetisk rim, her bokstaveleg omsett til engelsk:[2]

All the pious are on a spree,
They see God is not at home.
He got drunk on homebrewed liquor,
And left to go abroad.

Gitt dei vanskelege økonomiske forholda til den sovjetiske landsbybefolkninga på slutten av 1920- og 1930-talet, tok tsjastusjka i stor grad ei antiregjeringsform, med song av antisovjetiske koplingar ein vanleg praksis på bondefestivalar i perioden.[3] Etter mordet på leiaren av kommunistpartiet, Sergej Kirov seint i 1934, dukka det opp vers som knytte drapet til ei nyleg avgjerd om å avslutta brødrasjonering, som i dette døme gjeve av Sheila Fitzpatrick i bokstaveleg omsetjing:[4]

When Kirov was killed,
They allowed free trade in bread.
When Stalin is killed,
They will disband all the collective farms.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Mange tsjastusjkavers er frekke eller vulgære. Under følgjer nokre døme, med litt lause engelske omsetjingar som prøver å gi ei omtrentleg kjensle av rim og meter i versa, og den generelle tydinga:

Знаем Ленина заветы.
Кулаки, попы – наш враг
Призовет их всех к ответу
Большевицкий красный флаг.

We know Lenin's testaments
The Kulaks, priests – our foe
Calls them all to answer
Bolshevik's red flag.

Как у тёщи под окошком
Я играю на гармошке.
Ты послушай, тёща–блядь,
Как наяривает зять!

Mum–in–law, enjoy the fun —
I am playing my bayan!
Listen, you old fucking crock
How your son–in–law can rock!

Лейтенант, лейтенант —
Лаковы сапожки,
Если девки не дают —
Попроси у кошки!

Lieutenant, lieutenant,
With polished boots,
If the girls won’t put out,
Ask the cat!

Рыбка плавает в томате,
Ей в томате хорошо.
Только я, ебёна матерь,
Счастья в жизни не нашёл.

Fish is floating in the ketchup,
And it doesn't give a fuck.
I'm not smart enough to match it,
I'm still hunting for my luck.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sheila Fitzpatrick, Stalin's Peasants: Resistance and Survival in the Russian Village After Collectivization. New York: Oxford University Press, 1994; s. 28.
  2. 2,0 2,1 Lynne Viola, Peasant Rebels Under Stalin: Collectivization and the Culture of Peasant Resistance. New York: Oxford University Press, 1996; s. 50.
  3. Fitzpatrick, Stalin's Peasants, pg. 271, citing an archival file.
  4. Fitzpatrick, Stalin's Peasants, s. 291–292.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Emil Draitser, Making War, Not Love: Gender and Sexuality in Russian Humor. New York: St. Martin's Press, 2000.