Tsjekkia i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjekkia


ČT
Uttakingar
Nasjonalt 5
Internt 5
Deltaking
Debutår 2007
Deltakingar 11
Beste resultat
Semifinalen 2 (2019)
Finalen 6 (2018)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2007 og 2009)
Finalen 25 (2016)
Poeng
Semifinalane 871
Finalane 608
Totalt 1 479

Tsjekkia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke elleve gongar. Tsjekkia er blant landa med dei dårlegaste resultata i tevlinga; berre tre gongar har Tsjekkia kvalifisert seg til finalen. Tsjekkia har òg komme sist i semifinalen to gongar. Den beste plasseringa til Tsjekkia i Eurovision Song Contest er ein sjetteplass frå 2018.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Tsjekkia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007, som det siste av dei sentraleuropeiske landa; nabolanda Polen og Slovakia debuterte allereie i 1994. Det er den tsjekkiske allmennkringkastaren Česká televize (ČT) som sender tevlinga i Tsjekkia, og som vel artist og song som skal representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest. I debuten fekk Tsjekkia den verst tenkelege starten, då gruppa Kabát kom heilt sist i semifinalen med songen «Malá dáma». Året etter kom Tsjekkia nest sist i sin semifinale, og i 2009 kom Tsjekkia heilt sist i semifinalen utan eit einaste poeng. Dei elendige resultata gjorde at Tsjekkia trakk seg frå Eurovision Song Contest i 2010 og skulda på liten interesse blant tsjekkarane og låge sjåartal.[2]

Returen[endre | endre wikiteksten]

Fråværet varte i fem år, og i 2015 var Tsjekkia tilbake igjen i Eurovision Song Contest. Artistane Marta Jandová og Václav Noid Bárta vart valde internt av ČT til å representere landet med songen «Hope Never Dies». Heller ikkje denne gongen klarte Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen, men songen vart nummer 13 i semifinalen med 33 poeng - langt betre enn tidlegare resultat.

I 2016 lukkast det omsider Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen med Gabriela Gunčíková og songen «I Stand». Men deira fyrste finaledeltaking vart lite suksessrikt: «I Stand» fekk ikkje eit einaste poeng i telefonavrøystinga, og juryane gav songen 41 poeng. Det førte til at Tsjekkia kom nest sist i finalen med 41 poeng.[3]

I 2018 klarte Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen for andre gong. På førehand hadde det tsjekkiske bidraget vore blant favorittane til å vinne Eurovision Song Contest, og Mikolas Josef og songen «Lie to Me» kvalifiserte seg til finalen og endte til slutt på ein sjetteplass – det klart beste resultatet til Tsjekkia til no. Også i 2019 lukkast Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen med Lake Malawi og songen «Friend of a Friend».

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
2007 Kabát «Malá dáma» Tsjekkisk Ikkje kvalifisert 1 28
2008 Tereza Kerndlová «Have Some Fun» Engelsk 9 18
2009 Gipsy.cz «Aven Romale» Engelsk 0 18
2015 Marta Jandová og Václav Noid Bárta «Hope Never Dies» Engelsk 33 13
2016 Gabriela Gunčíková «I Stand» Engelsk 41 25 161 9
2017 Martina Bárta «My Turn» Engelsk Ikkje kvalifisert 83 13
2018 Mikolas Josef «Lie to Me» Engelsk 281 6 232 3
2019 Lake Malawi «Friend of a Friend» Engelsk 157 11 242 2
2020 Benny Cristo «Kemama» Engelsk Avlyst
2021 Benny Cristo «Omaga» Engelsk og tsjekkisk Ikkje kvalifisert 23 15
2022 We Are Domi «Lights Off» Engelsk 38 22 227 4
2023 Vesna «My Sister's Crown» Engelsk, bulgarsk, tsjekkisk og ukrainsk 129 10 110 4

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Røystehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Tsjekkia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Ukraina 66
02 Aserbajdsjan 60
03 Russland 58
04 Sverige 51
05 Armenia 46

Tsjekkia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Kroatia 26
02 Island 24
03 Slovenia 23
04 Austerrike 22
Ungarn

Semifinale[endre | endre wikiteksten]

Tsjekkia har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Aserbajdsjan 49
02 Island 44
03 Portugal 41
04 Armenia 39
05 Bulgaria 34

Tsjekkia har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Island 52
02 Spania 47
03 Portugal 40
04 Belgia 38
Kroatia

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Czech Republic – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 26. desember 2016. 
  2. Victor Hondal (22. juli 2009). «Czech Republic withdraws from Eurovision». esctoday.com. Henta 26. desember 2016. 
  3. «Eurovision Song Contest 2016 Grand Final – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 26. desember 2016. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]