Tsjerkessia
Tjerkessia er ein region i Nord-Kaukasus, nordvest i Kaukasia, ved nordaustkysten av Svartehavet.[1] Han har namn etter dei tradisjonelle innbyggjarane her, tjerkessarar.
Det historiske området femner om store delar av innlandet i novarande Krasnodar kraj, og tidvis også Stavropol kraj, i Russland. I sør grenser det til Abkhasia. I snervare forstand femner omgrepet berre om ein del av dei russiske delrepublikkane Karatsjajevo-Tsjerkessia, Adygia og Kabardino-Balkaria.
Tjerkessarar ein samlingsterm för fleire folkeslag der adygeararar er den største gruppa. Tsjerkessarar er no berre ein liten minoritet av innbyggjarane i området. Mange av dei lever i ein diaspora, særleg i novarande Tyrkia. Frå slutten av 1800-talet emigrerte mange muslimske tjerkessarar til Det osmanske riket etter ei rad opprør som blei slått ned av den russiske tsarmakta.
Ved slutten av 1400-talet reiste Giorgio Interiano frå Genova gjennom området og laga ei detaljert skildring av Tsjerkessia og innbyggjarane her.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Circassia» frå Wikipedia på engelsk, og «Tjerkessien» frå Wikipedia på svensk den 25. mai 2019.
- ↑ Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
- ↑ Biblioteca Italiana.Vita de' Zichi chiamati Ciarcassi di G. Interiano