Hopp til innhald

Tsjernjakhovsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjernjakhovsk
Черняховск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Areal 58 km²
Folketal 35 705 (2023)[1]
Grunnlagd 1336
   Bystatus 1583
Retningsnummer +7 40141
Kart
Tsjernjakhovsk
54°38′00″N 21°49′00″E / 54.633333333333°N 21.816666666667°E / 54.633333333333; 21.816666666667
Wikimedia Commons: Chernyakhovsk

Tsjernjakhovsk[a] er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 80 km aust for Kaliningrad.

Den tyske riddarordenen grunnla borga Insterburg i 1336. Ein busetnad voks fram rundt borga og denne busetnaden, som òg vart kalla Insterburg, fekk byrettar i 1583. Insterburg vart ein del av Hertugdømet Preussen og seinare Aust-Preussen i Kongeriket Preussen.

Byen vart ein del av Det tyske keisardømet i 1871.

Under den andre verdskrigen vart Insterburg tungt bomba av britiske Royal Air Force 27. juli 1944. Byen vart storma av styrkar frå den raude armeen den 21. januar 1945. Insterburg vart etter krigen overført frå Tyskland til Sovjetunionen som eit ledd i Potsdam-konferansen. Den tyske folkesetnaden i byen vart anten evakuert eller utvist og vart erstatta med russarar. I 1946 vart namnet Insterburg endra til Tsjernjakhovsk, etter den sovjetiske generalen (seinare marskalk) Ivan Tsjernjakhovskij.

  1. russisk Черняхо́вск, tysk Insterburg, litauisk Įsrūtis, polsk Wystruć

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tsjernjakhovsk