Tsjirka-Kem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjirka-Kem
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 8 270 km²
Lengd 221 km
Middelvassføring 81 /s
Kjelde Naomango
Munning Kem
Kart
Tsjirka-Kem
63°49′18″N 31°40′08″E / 63.82157°N 31.668876°E / 63.82157; 31.668876
Wikimedia Commons: Chirko-Kem

Tsjirka-Kem (russisk Чирка-Кемь) er ei elv i Karelia i Russland og ei av sideelvane til Kem frå høgre. Elva er 221 km lang og har eit nedslagsfelt på 8 270 km². Elva har ei middelvassføring på 81 m³/s.

Elvar spring ut frå innsjøen Naomango i Dei vestkarelske åsane. Ho renn gjennom ei rekkje innsjøar på vegen og til slutt ut i Jusjkojarvi.

Tsjirka-Kem inneheld mange stryk, mellom anna det kraftige stryket «Gorsjok» som ein kan høyre i ein avstand på tre kilometer. Elva frys vanlegvis til i slutten av oktober eller i november og er islagd til månadsskiftet april/mai. Stryka frys derimot ikkje til.

Av sideelvar til Tsjirka-Kem finn ein Ovra frå høgre.

Elva vert mykje nytta til vassport.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]