Tsjolakunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den dansande barnehelgenen Sambandar. Bronseskuptur frå 1100-talet.

Tsjolakunst viser til kunst laga under Tsjolariket, ca. 850 til 1250. Av kunsten laga under tsjolaherskarane merker særleg tempelkompleks og formstøypte bronseskulpturar seg ut. Templa blei smykka ut med skulpturar og tak- og veggmåleri, og er slik hovuddrivkrafta bak blomstringa av tsjolakunsten.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Den andre tempelporten ved Brihadisjvara-tempelet i Thanjavur.
Dvarapala (vernar) ved Kanchipuram.

Under Tsjolaherskarane blei det reist ei rekkje tempel, palass, sjukehus og andre offentlege bygg i heile riket deira, frå Kaverisletta til nordlege Tamil Nadu. På nokre tidspunkt herska Tsjoladynastiet over heile det noverande Tamil Nadu og tilstøytande område i Karnataka og Andhra Pradesh. Tsjolaherskarane bygde vidare på den sørindiske byggetradisjonen til Pallavadynastiet, som igjen var påverka av Amaravathi-arkitektur.

Fleire byggverk er berre kjende frå samtidige skildringar, då dei blei laga av treverk og murstein som er forvitra eller rivne. Eit døme på dette er eit gyllent palass som Aditya Karikala skal ha bygd for far sin, Sundara Tsjola. Større tempel blei hogde i stein, og er blitt bevarte i større grad.

Koranganatha-tempelet frå 800-talet er eit døme på tidleg Tsjola-arkitektur. Tempelet ligg ved breidda av Kaveri i Srinivasanallur og er vigd Visjnu-avataren Ranganatha. Kvar overflate er pynta med utskjeringar. Nedst på veggane er relieff av ei rekkje fabeldyr kalla jali (yazhi), eit særmerke for Tsjola-arkitektur. Tempelet er relativt lite, med berre to etasjar. Det har ingen murar rundt.[1]

Den mektige Radjaradja Tsjola og sonen hans Radjendra var viktige støttespelar for byggekunstutviklinga.[2] Tiruvalisvaram-tempelet nær Tirunelveli er det eldste tempelet som inneheld alle dei typiske tjsolatrekka, som dvarapala, utskorne vernarar ved inngangen til tempelet.[3] Tempelet er dekt av skulpturar og friser, nokre med komiske figurar. Heile gesimsen til tempeltårnet er utsmykka med ranker og lauv.[4]

Del av den utskorne hestekjerra ved Airavatesvara-tempelet.

Brihadisjvara-tempelet i Thanjavur, som er vigd Sjiva, stod ferdig i 1009.[5] Dette er blant dei største og høgaste av alle indiske tempel, med eit hovudtempeltårn på nær 66 meter.[3] Meisterverket er eit høgdepunkt i sørindisk arkitektur, og er teke med på verdsarvlista til UNESCO.[5][6]

Airavatesvara-tempelet i Darasuram nær Thanjavur blei bygd på 1100-talet under Radjaradja Tsjola II. Dette er eit flott eksempel på sein Tsjola-arkitektur, og er også med på verdsarvlista. Tempelet har artistiske steinsøylar og veggar dekorerte med elegante utskjeringar, fleire av Sjiva. Samlingshallen på framsida av tempelet er utforma som ei svær hestekjerre i stein.[7]

Skulptur[endre | endre wikiteksten]

Sjiva som Nataradja, 'danseherren'. Dette er den best kjende forma av bronseskulptur frå Tsjolariket.
Bronsefigur av Kali.

I tillegg til steinutskjeringar ved templa er tsjolatida også kjend for sine formstøypte bronsestatuar.[8] Også dette feltet nådde eit kunstnarisk høgdepunkt under tsjolatida. Endra religiøs praksis frå om lag 900-talet gjorde at ein ønskte gudebilde ein kunne ta ut av tempelrommet og behandla som kongar. Bronsestatuane blei hovudsakleg brukt til seremoniar ved templa, der dei blei borne i prosesjonar, kledde opp og viste fram.

Gudeparet Sjiva og Parvati var svært vanlege å avbilda i bronse, og særleg Sjiva som Nataradja, danseherren, er eit velkjent døme. Det blei også avbilda andre gudar, halvgudar og helgenar. Skulptørane følgde tradisjonelle ikonografiske reglar for korleis ein framstilte gudane, samtidig som dei kunne utøva sine eigne idear i utforminga. Skulpturane framstår klassiske og grasiøse, og gjev ofte inntrykk av å vera i rørsle.

Skulpturane blei formstøypte ved at ein laga ein modell av bivoks og kungilium, ein type kamfer blanda med litt olje. Denne modellen blei dekt med leire henta frå termittuer, tørka og brend. I omnen smelta voksmodellen, og ei brend leirform var igjen. Denne blei så fylt med smelta bronse og broten av når bronsen hadde størkna. Etterpå kunne handverkarane pussa bronsen, ta vekk feil og leggja til detaljar. Ettersom kvar form blei øydelagd når ein laga ein skulptur i henne, er kvar skulptur unik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tiruchy Tourism», tn.gov.in; «Koranganatha Temple, Srinivasanallur», tamilnation.co; Koranganatha Temple , Srinivasanallur , TIRUCHIRAPPALLI, Namma Trichy.
  2. Vasudevan, s. 21–24.
  3. 3,0 3,1 «Chola Architecture», General Knowledge Today.
  4. Nilakanta Sastri, A History of South India, s. 421.
  5. 5,0 5,1 Nilakanta Sastri, A History of South India, p422
  6. Keay, s. 216; Vasudevan, p.45.
  7. Nilakanta Sastri, A History of South India, s. 424–425; Jagadisa Ayyar, s. 349–353
  8. Chopra et al., p 186

  • Denne artikkelen bygger på «Chola art» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2014.
  • Chopra, P.N; Ravindran, T.K; Subrahmanian, N (2003) [2003]. History of South India ; Ancient, Medieval and Modern. New Delhi: S. Chand & Company Ltd. ISBN 81-219-0153-7. 
  • Harle, J.C (1994). The art and architecture of the Indian Subcontinent. New Haven, Conn: Yale University Press. ISBN 0-300-06217-6. 
  • Jagadisa Ayyar, P.V (1993). South Indian Shrines. New Delhi: Asian Educational Services. ISBN 81-206-0151-3. 
  • Keay, John (2000). India: A History. New Delhi: Harper Collins Publishers. ISBN 0-00-255717-7. 
  • Majumdar, R.C (1987). Ancient India. India: Motilal Banarsidass Publications. ISBN 81-208-0436-8. 
  • Nagasamy, R (1970). Gangaikondacholapuram. State Department of Archaeology, Government of Tamil Nadu. 
  • Nilakanta Sastri, K.A (1984) [1935]. The CōĻas. Madras: University of Madras. 
  • Nilakanta Sastri, K.A (2002) [1955]. A History of South India. New Delhi: OUP. 
  • «South Indian Inscriptions». Archaeological Survey of India. What Is India Publishers (P) Ltd. Henta 31. mai 2008. 
  • Tripathi, Rama Sankar (1967). History of Ancient India. India: Motilal Banarsidass Publications. ISBN 81-208-0018-4. 
  • Vasudevan, Geeta (2003). Royal Temple of Rajaraja: An Instrument of Imperial Cola Power. New Delhi: Abhinav Publications. ISBN 81-7017-383-3. 
  • Wolpert, Stanley A (1999). India. Berkeley: University of California Press. ISBN 0-520-22172-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]