Hopp til innhald

Tsjorna på Krimhalvøya

Koordinatar: 44°28′N 33°51′E / 44.467°N 33.850°E / 44.467; 33.850
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjorna
elv
Munningen til Tsjornaja.
Land  Ukraina,  Russland
Kart
Tsjorna på Krimhalvøya
44°28′00″N 33°51′00″E / 44.46666667°N 33.85°E / 44.46666667; 33.85
Wikimedia Commons: Chorna River

Tsjorna, Tsjornaja eller Tsjorhun (ukrainsk Чорна, Tsjorna, russisk Чёрная, krimtatarisk Çorğun),som på ukrainsk og russisk tyder 'Svartelva', er ei lita elv på Krimhalvøya. Ho er 34,5 km lang.

Tsjorna byrjar i Baydardalen nordaust for den vesle byen Rodnikivs'ke, og like vest for byen renn ho ut i eit reservoar. Frå her held ho fram vestover tilbyen Inkerman (Belokamensk) der ho munnar ut i Sevastopolbukta på sørvestkysten av halvøya.

Under Krimkrigen fann slaget ved Tsjornaja stad ved elva. Byen Inkerman var ein strategisk viktig stad under krigen og ligg ved breidda av elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

44°28′N 33°51′E / 44.467°N 33.850°E / 44.467; 33.850