Tsjornyj Albom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tsjornyj Albom
Чёрный Альбом

Studioalbum av Kino
Utgjeve Hausten 1990
Innspelt 1990
Sjanger Rock, Russisk rock
Lengd 48:08
Selskap Moroz
Kino-kronologi
Zvezda Po Imeni Solntse
(1989)
Tsjornyj Albom
Чёрный Альбом


Tsjornyj Albom (Чёрный Альбом eller Det svarte albumet) er det siste studioalbumet til den russiske rockegruppa Kino. Kino var på toppen av karrieren sin, og sommaren 1990 spela dei for over 60 000 menneske i Moskva. Like etter drog den særs populære frontmannen Viktor Tsoj til Riga for å spele inn vokalspora til dette albumet. Tsoj skulle køyre heim til Leningrad med vokalteipen for å spele inn resten av plata med resten av bandet då han kolliderte med ein buss og omkom. Bilen vart svært øydelagt, men likevel var vokalteipen like heil. Resten av bandet kunne dermed spele inn resten av albumet, noko dei gjorde for å hylle Tsoj. Albumet vart gjeve ut seinare på året med eit heilt svart omslag og berre namnet Kino i små kvite bokstavar midt på framsida. Plata fekk ikkje noko namn, men på grunn av det svarte omslaget vert plata stort sett berre kalla Tsjornyj Albom, som tyder Det svarte albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Кончится лето» (Kontsjitsia Leto — Sommaren er snart over) – 5:55
  2. «Красно-желтые дни» (Krasno-zjoltyje Dni — Raudgule dagar) – 5:49
  3. «Нам с тобой» (Nam s toboj — For meg og deg) – 4:49
  4. «Звезда» (Zvezda — Stjerna) – 4:29
  5. «Кукушка» (Kukusjka - Koko) – 6:39
  6. «Когда твоя девушка больна» (Kogda tvoja devusjka bolna — Når jenta di er sjuk) – 4:20
  7. «Муравейник» (Muravejnik — Maurhaugen) – 5:17
  8. «Следи за собой» (Sledi za Soboj — Ta vare på deg sjølv) – 4:59

Bonusspor[endre | endre wikiteksten]

  1. «Сосны на морском берегу» (Sosny na Morskom beregu — Furu ved sjøen) – 5:16
  2. «Завтра война» (Zavtra Vojna — Krigen er i morgon) – 0:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Viktor Tsoj — Vokal
  • Igor Tikhomirov — Bassgitar
  • Georgij Gurjanov - Trommer og korist
  • Jurij Kasparjan — Gitar og korist
  • Andrej Sigle — Tangentinstrument