Tsjulym ved Ob
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tsjulym (fleirtyding).
| Tsjulym | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 134 000 km² | ||
| Lengd | 1 799 km | ||
| Middelvassføring | 785 m³/s | ||
| Munning | Ob | ||
![]() Tsjulym ved Ob 54°56′56″N 89°50′02″E / 54.9489°N 89.8339°E | |||
| Wikimedia Commons: Chulym River (Ob tributary) | |||
Tsjulym (russisk Чулым) er ei elv i Krasnojarsk kraj og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 1799 km lang og har eit nedslagsfelt på 134 000 km². Elva har ei middelvassføring på 785 m³/s.
Elva renn stille og sterkt meanderande gjennom mesteparten av lengda si. Medrekna kjeldeelva Belyj Ijus (Kvite Ijus) er ho 2 023 km lang.
Kjeldeelvane Belyj Ijus og Tsjornyj Ijus (Kvite og Svarte Ijus) har utspring sør i Sibir, i republikken Khakasia nordvest for byen Abakan, i dei opptil 2 211 m høge Kuznetsk Alatau-fjella. Ho renn først nordover gjennom Krasnojarsk kraj mot Atsjinsk, der ho kryssar traséen til den transsibirske jarnvegen. Ho svingar så mot vest og munnar ut i Ob ved landsbyen Ust-Tsjulym, ved 57°43′50″N 83°49′30″E / 57.73056°N 83.82500°E.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tsjulym ved Ob» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2008.
