Tsna i Tver oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsna
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 4 390 km²
Lengd 160 km
Middelvassføring 12,3 /s
Kjelde Valdajhøgdene
Munning Mstinosjøen
Kart
Tsna i Tver oblast
57°37′41″N 34°31′25″E / 57.628126°N 34.523735°E / 57.628126; 34.523735
Wikimedia Commons: Tsna river (Tver oblast)

Tsna (russisk Цна) er ei elv i Tver oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 160 km lang og har eit nedslagsfelt på 4 390 km². Elva har ei middelvassføring på 12,3 m³/s, målt 38 km frå munningen.

Elva spring ut frå myrområda i Tsinskhøgdene, ein utløpar av Valdajhøgdene). Elva renn gjennom Vysjnevolotskoje-reservoaret, og mellom reservoaret og munningen i Mstino-sjøen (ei strekning på 7 km) går elva nesten heilt inne i byen Vysjnij Volotsjok. Mstino-sjøen drenerer via Msta, Volkhov og Neva til Finskebukta. Tsna var tidlegare ein viktig del av vassvegen over frå Volga til Novgorod, og seinare til St. Petersburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]