Tsvetana Krasteva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tsvetana Krasteva
Verkeleg namn bulgarsk skrift Цветана Кръстева
Fødd 20. hundreåret
Yrke skiskyttar

Tsvetana Krasteva er ein tidlegare skiskyttar frå Bulgaria.

Krasteva var i siste delen av 1980-åra ein av dei beste kvinnelege skiskyttarane i verda. Ho deltok verdsmeisterskap frå 1986 og gjorde sine beste prestasjonar i 1989. Under VM i skiskyting 1989 i austerrikske Feistritz vann ho sølvmedaljen i 5 km sprint bakom norske Anne Elvebakk, og tok sølvmedaljen i stafetten saman med Marija Manolova og Nadesjda Aleksijeva. I den nye øvinga, lagtevlinga, enda ho og lagvenninnene Aleksijeva, Manolova og Iva Sjkodreva på fjerdeplassen.

Også i VM i skiskyting 1990 hamna Krasteva på fjerdeplassar, fyrst i sprinten og så i stafetten. Derimot lukkast ho og dei same tre lagvenninnene å kapre bronsemedaljen i lagtevlinga, bakom Sovjetunionen og Vest-Tyskland. Ho la deretter opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]