Tuakau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tuakau
Tuakau is located in New Zealand
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region: Waikato
Folketal (2006) 3 504
Distriktsstyre Namn Franklin Territorial Authority
Regionstyre Namn Waikato Regional Council
Merknad: Folketal ved folketeljinga i 2006
Kjelde: Statistics New Zealand

Tuakau er ein by i Franklin District, i den delen av distriktet som ligg i regionen WaikatoNordøyaNew Zealand. Folketalet i byen var ved folketeljinga i 2006 3 504, ein oppgang frå 2 856 ved teljinga i 2001.

Byen, som vart grunnlagd i 1840, er tenestestad for det lokale jordbruksdistriktet, og er dessutan bustad til mange av dei tilsette i New Zealand Steel ved Glenbrook. Jordbruksaktivitetane består i sauedrift, mjølkeproduksjon, grønsakdyrking, fruktdyrking og fjørfedrift.

Den største grunnskulen i byen er Tuakau Primary, der Edmund Hillary var elev.

Den største byen i nærleiken er Pukekohe.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°16′S 174°57′E

Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.