Tublibukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tublibukta
bukt
Land  Bahrain
Koordinatar 26°11′06″N 50°35′38″E / 26.185°N 50.594°E / 26.185; 50.594
Areal 11 km²
Kart
Tublibukta
26°11′06″N 50°35′38″E / 26.185°N 50.594°E / 26.185; 50.594
Wikimedia Commons: Tubli Bay

Tublibukta (arabisk خليج توبلي) er ei bukt aust i Bahrain, mellom øya Bahrain og Sitra. Bukta ligg like sør for Manamahalvøya. Øya Nabih Saleh ligg i bukta.

Området er kjent for eit rikt fugle- og dyreliv, og mangroveskogar langs breidda. Mangrovene trivest i avrenningsvatnet frå ferskvasskjelder etter vatnet har runne gjennom gardar langs bukta. Bukta er eit stort yngleområde for reker og fisk. Mange trekkfuglar stoppar òg her.

I dag har Tublibukta lide under ulovleg landvinning, forureining og minkande ferskvatn frå kjeldene. Landvinninga har redusert storleiken frå 25 km² i 1960-åra til berre 11 km² i dag.[1] Mangrovene som brukte å ligge langs det meste av kysten, er redusert til berre nokre små område i Ras Sanad og Ras Tubli.

I 1997 vart Tublibukta eit Ramsar-område, rekna som eit internasjonalt viktig våtmarksområde.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]