Tubular Bells

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tubular Bells
Studioalbum av Mike Oldfield
Språk engelsk, inkje språkleg innhald
Utgjeve 25. mai 1973
Innspelt November 1972 til april 1973
Studio The Manor i Oxfordshire i England
Sjanger Progressiv rock[1][2]
Lengd 49:16
Selskap Virgin
Produsent
Mike Oldfield-kronologi 
Tubular Bells Hergest Ridge
(1974)


Singlar frå Tubular Bells
  1. «Mike Oldfield's Single»
    Utgjeve: 28. juni 1974
Mike Oldfield speler Tubular Bells under opningsseremonien til Sommar-OL 2012 i London.

Tubular Bells er debutplata til den engelske multi-instrumentalisten, komponisten og låtskrivaren Mike Oldfield, gjeven ut 25. mai 1973 som det aller første albumet på Virgin Records. Oldfield, som var 19 år gammal då det vart spelt inn, spelte nesten alle instrumenta sjølv på dette stort sett instrumentale albumet.

Albumet fekk stor merksemd i desember 1973 då opningstemaet vart nytta i grøssar-filmen Eksorsisten (1973). Dette førte til auka sal, gjorde Oldfield meir kjend, og spelte ei viktig rolle i veksten til Virgin Group. Albumet låg på topp 10 på UK Albums Chart i eitt år frå mars 1974, og låg ei veke på toppen av lista. Det nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard 200, og toppen av listene i Canada og Australia. Albumet har selt kring 15 millionar eksemplar verda over.

Ein orkesterversjon produsert av David Bedford kom ut i 1975 som The Orchestral Tubular Bells. Oldfield spelte inn tre oppfølgjarar: Tubular Bells II (1992), Tubular Bells III (1998) og The Millennium Bell (1999). I høve 30-årsjubileet til albumet spelte Oldfield inn albumet på nytt som Tubular Bells 2003. Ei re-arrangert utgåve av originalalbumet kom ut i 2009. Oldfield spelte utdrag av albumet under opningsseremonien til Sommar-OL 2012 i London.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Oldfield lærte seg å spele gitar i tidleg alder, og spelte i viseklubbar med skulevener då han alt var 12-13 år gammal.[3] I tenåra sleit han med problem i familien og kunne rømme frå problema i musikken. Oldfield brukte mange timar kvar dag på rommet sitt, der han spelte gitar og komponerte instrumentale stykke. Han skipa ein kortvarig viseduoe kalla The Sallyangie med storesystera Sally,[4] og då dei gav seg vart han bassist for The Whole World, eit band som vart sett saman av den tidlegare Soft Machine-medlemmen Kevin Ayers.[5][6] The Whole World spelte inn albumet Shooting at the Moon i Abbey Road Studios over ein periode på fleire månadar i 1970, og den 17 år gamle Oldfield var fascinert over dei mange instrumenta som fanst i studioet, som piano, cembalo, ein Mellotron og ymse perkusjonsinstrument. Då gruppa ikkje hadde innspelingar før om ettermiddagen, kom Oldfield i studio tidleg og brukte timane på morgonen med å eksperimentere med forskjellige instrument og lærte seg å spele på dei.[7]

The Whole World vart oppløyst i midten av 1971 og Ayers gjekk inn i Gong i tre månader som turnémedlem. Medan han var borte lånte han bort ein to-spors Bang & Olufsen Beocord ¼" lydbandopptakar.[8] Oldfield modifiserte opptakaren ved å blokkere bandhovudet på opptakaren - dette gjorde at han kunne spele inn på det eine sporet, flytte det over på det andre sporet, og så spele eit nytt instrument til det første sporet att, og slik legge lag på lag, eitt instrument om gangen.[6] I leilegheita si i Tottenham i Nord-London, spelte Oldfield inn ein demo med fire spor som han hadde hatt i hovudet i nokre år, ved hjelp av denne lydbandopptakaren ved hjelp av gitar, bass, nokre perkusjonsinstrument og eit Farfisa-orgel han lånte frå klaverspelaren i Whole World, David Bedford. Demoane bestod av tre kortare melodiar (tidlege versjonar som kom til å få namna «Peace», «Bagpipe Guitars» og «Caveman» på Tubular Bells 2003-utgåva av albumet), og eit lengre stykke han tidlegare hadde gjeve tittelen «Opus One». Oldfield sa at han var inspirert til å skrive ein lang instrumenta etter å ha høyrt Septober Energy av Centipede.[7] Han var òg inspirert av klassisk musikk, og av den eksperimentelle komponisten Terry Riley og verket hans A Rainbow in Curved Air frå 1969, der Riley spelte alle instrumenta sjølv og brukte lydbandsløyfer og lag på lag med spor for å byggje opp eit langt, gjentakande musikkstykke.[9]

The Manor, der albumet vart spelt inn.

Seint i 1971 vart Oldfield med i bandet til Arthur Louis, som spelte inn demoar i The Manor Studio.[6] Studioet vart sett opp i ein tidlegare squashbane i ein gammal herregard i Shipton-on-Cherwell i Oxfordshire, som nyleg var kjøpt av den unge entreprenøren Richard Branson og som vart gjort om til eit heimleg innspelingsstudio drive av Tom Newman og Simon Heyworth.[10] Oldfield var sjenert og sosialt keitete, men vart vener med dei to produsentane etter dei høyrde han spele gitar. Oldfield spurte Newman om han kunne lytte til demoane hans, men desse var framleis attende i Nord-London, så ein av arbeidarane til Louis tilbydde seg å køyre Oldfield til London og attende for å hente dei.[7] Newman og Heyworth laga ein kopi av demoane og lovde Oldfield at dei skulle snakke med Branson og forretningspartnaren hans, Simon Draper, om desse.[11]

Oldfield brukte mykje av 1972 i lag med dei gamle bandkollegaene sine i The Whole World og soloprosjekta deira,[12] og prøvde samstundes å finne eit plateselskap som var interessert i demoane hans. Oldfield møtte EMI, CBS og andre selskap, men alle saman avviste han, og meinte at musikken ikkje var mogeleg å marknadsføre utan vokal.[7] Oldfield var frustrert over dei mange avslaga og mangelen på pengar, og hadde høyrt at Sovjetunionen betalte musikarar for å halde konsertar. I følgje han sjølv leita han på eit tidspunkt gjennom telefonkatalogen etter nummeret til den sovjetiske ambassaden då han vart oppringt av Simon Draper, som inviterte Oldfield til middag med han sjølv og Branson på husbåten til Branson i London.[7] Over middag fortalte Branson at han likte demoane til Oldfield og inviterte Oldfield attende til Manor for å spele inn «Opus One» i løpet av ei veke.[13]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Oldfield spelte inn «Opus One» i løpet av veka han fekk i The Manor i november 1972.[7] Albumert vart spelt inn på ein Ampex 2-tommars 16-sporsopptakar med Dolby støyreduksjonssystem, som var hovudutstyret i The Manor på den tida.[7] For å skape verket sitt spurte Oldfield Virgin om dei kunne leige ymse instrument for han, som gitarar, forskjellige klaverinstrument og perkusjonsinstrument.[14] Oldfield har fortalt forskjellige soger gjennom åra om korleis han inkluderte røyrbjøller (engelsk tubular bells): I ein artikkel om innspelinga av albumet i Q i 2001 sa han at dei var blant instrumenta han spurte Branson om å leige,[6][15] men i eit intervju i 2013 for Sound on Sound og for ein fjernsynsdokumentar sa han at han såg dei blant instrumenta som vart fjerna frå studioet etter at John Cale var ferdig med innspelinga si der, og spurte om han kunne få låne dei for innspelinga si.[16]

Røyrbjøller (tubular bells)

Oldfield spelte dei fleste instrumenta på albumet gjennom å spele dei inn lag på lag, som var ein uvanleg teknikk på den tida.[17] I alt vart det laga 274 overdubbingar.[18] Trass i at det vart oppført forskjellige gitarar på plateomslaget, som «speed guitars», «fuzz guitars» og «guitars sounding like bagpipes» («gitarar som høyrest ut som sekkepiper»), var den eineaste elektriske gitaren nytta på albumet ein kvit Fender Telecaster frå 1966, som tidlegare høyrte til Marc Bolan og som Oldfield hadde lagt til ein ekstra pick-up frå Bill Lawrence. All gitar vart spelt inn direkte plugga inn i miksepulten.[7] For å skape «speed guitar» og «mandolin-aktig gitar», som det står i plateomslaget, vart lydbandet spelt av på halv snøggleik under innspelinga. Ein faktisk mandolin vart berre nytta på det siste sporet, «Sailor's Hornpipe».[7] Oldfield brukte òg ei sjølvskapt effekteining, kalla Glorfindel-boks, for å skape «fuzz-gitarar» og «sekkepipegitarar» på somme stader på albumet. Glorfindel-boksen (ironisk kalla opp etter ein karakter i Tolkien-universet[19]) vart gjeven til David Bedford på ein fest, og han gav han sidan til Oldfield. Tom Newman kritiserte treboksen i eit intervju i 2001 i magasinet Q, og sa at han sjeldan gav det same resultatet to gonger.[6] Gitaren vart lagt ut på auksjon fleire gonger av Bonhams i 2007, 2008 og 2009 estimert til høvesvis 25 000–35 000, 10 000–15 000 og 8 000–12 000 pund[20][21][22] før han til slutt vart seld for 6 500 pund – pengane vart donerte til den veldedige organisasjonen SANE.[23] I følgje Phil Newell var bassgitaren nytta på albumet ein av hans Fender Telecaster-bassar.[24]

Den korte «honky tonk-piano»-delen ved 13:48 på side ein vart teken med som ei hyllest til bestemora til Oldfield, som hadde spelt eit slikt piano på pubar før andre verdskrigen. Tilsette ved The Manor utgjorde «det nasale koret» som akkompagnerer partiet.[7]

Vivian Stanshall, eit tidlegare medlem i den komiske rockegruppa Bonzo Dog Doo-Dah Band, skulle bruke The Manor etter Oldfield, og hadde kome der medan Oldfield heldt på med innspelinga av «Opus One». Oldfield var ein fan av måten Stanshall hadde introdusert instrumenta ein etter ein på Bonzo-songen «The Intro and the Outro». Han føreslo for Newman om kanskje Stanshall kunne introdusere instrumenta på liknande måte på den siste delen av «Opus One», og Newman gjekk med på dette.[25] Den sjenerte Oldfield måtte så overtalast av Newman om å gå og spørje Stanhall om han kunne hjelpe han med dette. Stanshall hadde ikkje noko i mot å vere «seremonimeister» på plata, men Newman hugsa at det vart vanskelegare enn venta, fordi Stanshall stadig gløymde namna på instrumenta og introduserte dei på feil tidspunkt. Til slutt skreiv Oldfield ei liste med instrumenta i rett rekkjefølgje, og indikerte kvar Stanshall skulle introdusere dei.[26] Det var måten Stanshall sa «plus... tubular bells» for å introdusere det siste instrumentet i finalen, som gav Oldfield ideen om å kalle heile albumet Tubular Bells.[27]

Å få skapt den lyden Oldfield ønskte frå røyrbjøllene var problematisk. Han ønskte ein høg lyd frå dei, men ingen av dei faste metodane skapte det volumet han ønskte. Til slutt fekk Newman tak i ein tyngre klohammar og Oldfield brukte denne til å skape ein intens lyd, men bjøllene sprakk i prosessen.[28]

Side to[endre | endre wikiteksten]

Då del ein av Tubular Bells var blitt spelt inn, fekk Oldfield lov å bli verande i The Manor for å spele inn fleire lydspor medan studioet ikkje var i bruk. Han var jula og nyårshelga heime hos familien, men var elles i The Manor frå februar til april 1973 for å spele inn den andre delen av albumet.[7][29] Branson hadde vitja Midem musikkonferanse i Cannes i januar 1973 og synt Part One til forskjellige plateselskap med same resultat som Oldfield sjølv hadde fått. Så på denne tida byrja Branson og Draper planar om å skape sitt eige plateselskap, og gje ut Tubular Bells som den første utgjevinga. Oldfield fekk ikkje studiotida han hadde fått for Del 1, så Del 2 vart spelt inn i løpet av tre månader då studioet ikkje var i bruk. Oldfield har sagt at han alt hadde Del 2 klarlagd og klar til å spelast inn.[30]

«Holebuar»-seksjonen i Del 2 var den einaste delen av albumet med trommer (spelt av Edgar Broughton Band-trommisen Steve Broughton), som Oldfield seinare sa gjorde seksjonen «forholdsvis normal». Seksjonen byrja med eit akkompagnement av bass og trommer, der Oldfield elles spelte alle dei andre instrumenta. Skrikesekvensen vart utvikla nær slutten av innspelinga, då nesten alt anna var ferdiginnspelt. Dei kjende derimot at dei måtte ha noko meir. Lydteknikaren Simon Heyworth hugsa at Branson var byrja å bli utolmodig og la press på Oldfield for å få levert albumet, og om å leggje på vokal på eit av partia, slik at han kunne gje det ut på ein singel. Oldfield vart sint på forslaget til Branson og svarte, «Vil du ha tekst!? Eg skal gje deg tekst!». Attende i The Manor drakk han ei halv flaske Jameson's whiskey frå kjellaren i studioet og kravde at lydteknikaren skulle ta han til studioder, der han i fylla «skreik og skreik i ti minutt» inn i ein mikrofon, og vart så hes at han ikkje kunne snakke i to veker etterpå.[6] Lydteknikaren køyrde lydbandet på høgare snøggleik under innspelinga, slik at avspelinga på normal snøggleikgjorde vokalopptaket mørkare. Dette vart i plateomslaget oppført som «Piltdown Man»-vokal.[7]

Avslutninga av Del 2, «The Sailor's Hornpipe», var eit spor Oldfield hadde spelt sidan han var bassist i The Whole World.[31] Det var opphavleg eit lengre stykke med vokal av Vivian Stanshall over eit musikalsk akkompagnement og marsjerande fottrinn. I følgje plateomslaget for vinylsamlinga Boxed, vart denne innspelinga gjort kl 04 om morgonen etter at Oldfield, Stanshall og produsenten Newman hadde drukke tett. Newman sette mikrofonar i forskjellige rom i The Manor og byrja å ta opp, og trioen tok så ein uplanlagt tur rundt i huset, der Oldfield på mandolin og Newman på akustisk gitar spelte «Sailor's Hornpipe» medan Stanshall gav ein rusa, improvisert guiding kring huset.[6] Til slutt vart ein meir tradisjonell, instrumental versjon av «Sailor's Hornpipe» spelt inn for Tubular Bells, men Stanshall-versjonen vart seinare gjeve ut i Boxed-samlinga.[7] Han finst òg på SACD-utgåva og på 2009-utgåva av Tubular Bells.

I plateomslaget til 2009-utgåva av Magma sitt Mëkanïk Dëstruktïẁ Kömmandöh, eit album spelt inn i The Manor på same tid som Tubular Bells, sa leiaren i Magma, Christian Vander at «Mike Oldfield stal musikken min, eller meir presist, han stal delar frå Mekanïk og The Dawotsin[32]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget til Tubular Bells vart skapt av designeren og fotografen Trevor Key. Key vart invitert til Virgin for å presentere porteføljen sin – og blant bileta hans var eit kokt egg med drypande blod som Branson likte og ønskte å bruke til plateomslaget, fordi han ønskte å kalle albumet Breakfast in Bed, men Oldfield hata båte biletet og tittelen og avviste begge to.[6] Ein modifisert versjon av biletet med blodet erstatta av eggeplomme vart seinare brukt som plateomslag på Oldfield-albumet Heaven's Open i 1991, det siste albumet hans for Virgin Records.[33]

Key drog ut til ei strand i Sussex for å skyte bakgrunnen for plateomslaget. Key hadde teke med seg nokre bein som han skulle brenne på stranda for baksida av albumet, men denne dagen var det særs kaldt og det tok lang tid å få sett fyr på dei. Perfeksjonisten Key brukte fleire timar på å fotografere kystlandskapet fram til han fekk eit bilete av bølgjene han var nøgd med. Den trekanta «bøygde bjølla» på plateomslaget var inspirert av røyrbjøllene Oldfield øydela då han spelte på dei på plata.[34] Key designa bjølla og fekk modellen øydelagd, som han så fotograferte i studio og la oppå bakgrunnsbiletet av stranda. Oldfield vart fengsla av det ferdige resultatet og insisterte på å bruke det som plateomslag med tittelen i små, svakt oransje bokstavar.[35]

Plateomslaget vart det biletet som vart tettast assosiert med Oldfield, og vart òg nytta på oppfølgjaralbuma til Tubular Bells, og som logo for det personlege musikkføretaket hans, Oldfield Music Ltd. Omslaget til Tubular Bells var blant ti bilete valde ut av britiske Royal Mail for ei samling frimerke kalla «Classic Album Cover» i januar 2010.[36][37]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Tubular Bells var det første albumet som kom ut på Virgin Records og fekk katalognummeret V2001, sjølv om Gong-albumet Flying Teapot (katalognummer V2002) og samleplata Manor Live (katalognummer V2003) kom ut same dagen.

Det finst fem kjende variantar av vinylutgåva av Tubular Bells:

  1. Standard svart vinyl med katalognummer V2001. Denne miksen vart gjeven ut att på vinyl som ein del av serien Back to Black i 2009.
  2. Ein svart vinylversjon i stereo med katalognummer VR 13–105. Dette er den originale amerikanske versjonen av albumet, distribuert på Atlantic Records.
  3. Ein kvadrofonisk versjon, på svart vinyl med katalognummer QV2001 («For folk med fire øyre», i følgje omslaget). Dei første 40 000 eksemplar av denne er ikkje sann kvadrofonisk, men ein handsama versjon av stereoutgåva, som så vart etterfølgd av sann kvadrofonisk lyd. Uheldigvis er det ikkje nokre indikasjonar på plateetiketten som skil desse to variantane.[38]
  4. Ein biletplate på vinyl, som syner den bøygde bjølla, med katalognummer VP2001. Dette er ein stereomiks av den kvadrofoniske versjonen. Den einaste skilnaden er lyden av «pipeorgel» under introduksjonen av instrumenta i avslutninga. Denne versjonen finst i samlinga Boxed.
  5. Ei utgåve frå 1981 vart ommastra av Ray Janos i CBS Recording Studios i New York.[39]

Tubular Bells vart gjeve ut i ei avgrensa utgåve på vinyl og kassett ti år etter originalen kom ut. Denne kom ut samstundes med det nye albumet til Oldfield, Crises.

Albumet kom ut på CD første gongen i 1983, med serienummeret CDV2001.[40] CD-utgåva av albumet Boxed inneheld ein stereomiks av den kvadrofoniske utgåva.

Simon Heyworth ommastra albumet for HDCD i 2000, og for SACD i 2001, basert på den kvadrofoniske miksen i Boxed-samlinga.

Den 22. april 2007 gav den britiske avisa The Mail on Sunday bort 2,25 millionar gratiseksemplar av originalplata til lesarane sine. Denne kom i eit pappomslag.[41] EMI (som hadde kjøpt ut Virgin Records) tente på marknadsføringa og The Mail on Sunday hevda at marknadsføringa auka salet av albumet med 30 %.[42] Oldfield var ikkje nøgd med avtalen, sidan han ikkje var blitt spurt først, og følte det reduserte verdien av verket.[43]

2009-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I 2008, då den 35 år lange avtalen til Oldfield med Virgin Records tok slutt, gjekk rettane til musikken attende til han[44][45] og Oldfield signerte kontrakt med Mercury Records.[46] Alle albuma til Oldfield på Virgin vart overført til det nye selskapet og gjeve ut på nytt frå 209. Tubular Bells kom ut på ny i juni 2009 i fleire format, inkludert vinyl, dobbel-CD og DVD, og det vart arrangert ei rekkje klokkespel kl. 18 den 6. juni (ein referanse til Dyrets tal).[47] Ei hending i London var ved British Music Experience i The O2. Her møttes 29 handbjølleringarar av Storbritannia og det vart framført eit DJ-sett kalla Orbular Bells av The Orb.[48] The Orb hadde tidlegare remiksa «Sentinel» frå Tubular Bells II.

Alle format av nyutgjevinga, inkludert ein ny miks av albumet, vart skapt av Oldfield i heimen hans på Bahamas i mars 2009, medan luksusutgåva inneheldt ein 5.1-miks og den ultimate utgåva kom med ei bok og minneverdige lekamar. Dobbel-CD-utgåva, kalla The Mike Oldfield Collection 1974–1983, inneheld heile Tubular Bells på den første plata og ei samling av musikken til Oldfield frå Ommadawn til Crises på den andre plata. The Mike Oldfield Collection 1974–1983 vart marknadsført på fjernsyn,[49] med røyst frå den tidlegare Doctor Who-skodespelaren Tom Baker, som tidlegare hadde delteke i ein reklame for The Best of Tubular Bells i 2000.[50] Albumet har eit svart omslag med Tubular Bells-logoen og nådde 11. plassen på UK Albums Chart.

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Den første konsertframføringa av Tubular Bells var i Queen Elizabeth Hall

Oldfield sa at då han var ferdig å spele inn Tubular Bells og hadde gjeve det ut, så følte han at han hadde «fått det ut av systemet» og var motvillig til å marknadsføre plata i det heile.[51] Branson overtydde han til slutt å halde ein enkel konsert der han spelte heile albumet i Queen Elizabeth Hall i London den 25. juni 1973. Men Oldfield var nervøs for å framføre verket live, og dagen då konserten var då Branson køyrde han til London, insisterte han på at han ikkje kom til å gjennomføre konserten. I eit desperat forsøk på å få Oldfield til å gjennomføre, tilbaud Branson han Bentley-bilen dei køyrde om Oldfield gjennomførte konserten.[52] Konserten vart gjennomført og vart godt motteken, trass i at Oldfield rekna det som ein katastrofe, med instrument som var ustemte og Stanshall som bomma på introduseringa av instrumenta i avslutninga. Med seg på konserten var medlemmar av Henry Cow og musikarar knytt til Canterbury scene, i tillegg til Mick Taylor frå The Rolling Stones. Steve Winwood og Robert Wyatt var òg meint å ta del i konserten,[53] men Winwood trekte seg då han ikkje hadde tid til å vere med på øvingane, medan Wyatt enno ikkje var blitt frisk etter å ha falle ut av eit vindauge og blitt lam.[54]

Musikarar på Queen Elizabeth Hall-konserten:

  • Jentekor: Sarah Greaves, Kathy Williams, Sally Oldfield, Maureen Rossini, Lynette Asquith, Amanda Parsons, Maggie Thomas, Mundy Ellis, Julie Clive, Liz Gluck, Debbie Scott, Hanna Corker.

BBC TV 2nd House-framføringa[endre | endre wikiteksten]

Oldfield og fleire av musikarane som deltok på Queen Elizabeth Hall-konerten framførte Del 1 av Tubular Bells igjen seinare på året for BBC-programmet 2nd House, men denne gongen som ei førehandsinnspelt framføring i studio, utan publikum. Framføringa vart filma 30. november 1973 og sendt 5. januar 1974 på BBC2.[55] Arrangementet innkluderte ein ny part for obo, spelt av Karl Jenkins frå Soft Machine. Bilete av framføringa vart blanda med bilete av skulpturar av røyr i stål og sekvensar frå filmen Reflections, begge skapt av kunstnaren William Pye.[55] Denne framføringa kom med på DVD-en Elements DVD i 2004 og luksusutgåva av Tubular Bells frå 2009.

Musikarar på 2nd House-framføringa:

  • Jon Field – fløyte
  • Fred Frith – bass, gitar
  • John Greaves – klaverinstrument
  • Steve Hillage – gitar
  • Tim Hodgkinson – klaverinstrument
  • Karl Jenkins – obo
  • Geoff Leigh – fløyte
  • Pierre Moerlen (oppført som «Pierre de Strasbourg» i programbladet Radio Times)[55] – perkusjon

  • Tom Newman – stemme (nasalt kor) og miksing
  • Mike Oldfield – bass, gitar, Hammondorgel
  • Terry Oldfield – fløyte
  • Mike Ratledge – klaverinstrument
  • Ted Speight – gitar, bass
  • Mick Taylor – gitar
  • Kor (ukjend)

Bruk i Eksorsisten[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste marknadsføringa for plata kom frå uventa hald, då starten av Part 1 vart vald ut til å nyttast i filmen Eksorsisten, som kom ut i USA i desember 1973 og i Europa i mars 1974. I følgje den britiske filmkritikaren Mark Kermode var det heilt tilfeldig at musikken vart vald ut - regissøren William Friedkin hadde valt å skrote originalmusikken til Lalo Schifrin og såg seg om etter musikk som kunne erstatte denne. Friedkin vitja kontoret til Ahmet Ertegun, direktør i Atlantic Records (som distribuerte Tubular Bells i USA), og plukka på ein kvit etikett frå albumet frå ei utval av plater i kontoret til Ertegun, sette det på platespelaren og meinte med ein gong at musikken var perfekt for filmen.[56] Sjølv om introduksjonen berre er med i to korte scenar i filmen, vart musikken sterkt assosiert med filmen. Oldfield har sagt at han ikkje ønskte å sjå filmen, fordi han meinte han kom til å vere for skummel.[57]

Singlar frå 1974[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen frå albumet vart skapt av den originale, amerikanske distributøren , Atlantic Records. Singelen var eit utdrag frå dei tre første seksjonane av Part 1, og var ikkje godkjend av Oldfield. Singelen kom ut i februar 1974 i USA og Canada, der han nådde sjuandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista den 11. mai 1974,[58] og gjorde Oldfield til ein one-hit wonder i USA. Songen nådde òg 15. plassen på Adult Contemporary-lista.[59]

I Canada vart singelen gjeven ut som «Tubular Bells (Theme from Exorcist)», og nådde tredjeplassen på RPM Top Singles-lista den 18. mai 1974,[60] og vart plassert på 103. plassen for heile året.[61]

«Mike Oldfield's Single (Theme from Tubular Bells)» var den første 7"-singelen gjeven ut av Mike Oldfield i Storbritannia, og i juni 1974 nådde han 31. plassen.[62] A-side var ei nyinnspeling av Del 2-sekvensen med «sekkepipegitar», arrangert i ein meir landleg versjon med akustisk gitar og obo (spelt av Lindsay Cooper) som soloinstrument. B-sida var «Froggy Went A-Courting»side. A-sida av singelen kom ut på 2009-utgåva av Tubular Bells.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[63]
Chicago Sun-Times4/4 stars[64]
Christgau's Record GuideC+[65]
CreemC+[66]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[67]
Q5/5 stars[68]

Den viktige britiske DJ-en John Peel vart tidleg fan av plata og spelte musikken på radioprogrammet sitt Top GearBBC Radio 1 den 29. mai 1973, fire dagar etter albumet kom ut, og kalla det «ein av dei mest imponerande platene eg har fått sjansen til å spele på radio, ei verkeleg merkverdig plate». Branson og Oldfield lytta til programmet på husbåten til Branson, og Oldfield sa i sjølvbiografien sin at Peel spelte heile albumet,[69] men i BBC-arkiva og eksiseterande lydkopiar av programmet syner at Peel berre spelte Del 1.[70]

Peel melde albumet for The Listener veka etter og skildra det som «ei ny plate med ein sånn styrke og venleik at for meg representerer dette det første gjennombrotet inn i historia som nokon musikarar har laga».[53] Dei fleste av dei store, britiske musikkmagasina var samde i rosen av albumet.[71][72][73]

Tubular Bells kom ut i USA i oktober 1973[74] og Paul Gambaccini skreiv ei entusiastisk melding i Rolling Stone, og kalla det «det viktigaste eingongsprosjektet i 1973» og «ein debut av eit slag me ikkje kan forvente av nokon som helst. Det tok Mike Oldfield eit halvt år å leggje ned tusenvis av lydspor for desse 49 minuttar med spanande musikk.» Han avslutta med «eg kan sei at dette er eit stort verk».[75] I ein artikkel i same magasinet sju månader seinare, då dei diskuterte albuma som låg på topp 20 på Billboard-lista, avviste Jon Landau albumet som «ein smart snodigheit» og sa, «Lett, ganske prangande og søtt, og det er truleg behageleg bakgrunnsmusikk for ein middag eller ein samtale».[76] For Creem var Robert Christgau òg lite imponert og sa «Det beste eg kan komme opp med her er 'behageleg' og 'fengande'. Oldfield er ikkje Richard Strauss eller Leonard Cohen — dette er filmmusikk fordi det er på det nivået han opererer.»[65]

I ei nyare melding for AllMusic kalla Mike DeGagne albumet «utan tvil den beste samlinga av skeive instrument sett saman til eit enkelt, unikt stykke» og sa at «det mest interessante og overveldande aspektetet er at det er så mange lydar som vert framkalla, og likevel legg ein merke til alle saman, og gjer at lyttaren gradvis søkk ned i kvar unik del av musikken. Tubular Bells er ein guddommeleg vandring i riket som er new-age-musikk[63]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Oldfield vann Grammyprisen i 1974 for beste instrumentale komposisjon.[77]

I magasinet Q si liste frå 1998 ove dei 50 beste albuma frå 1970-åra, vart Tubular Bells plassert på sjetteplassen.[78] I spesialutgåva til Q & Mojo kalla Pink Floyd & The Story of Prog Rock i 2005, vart albumert plassert på niandeplassen på lista over «40 Cosmic Rock Albums».[79]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Andre verk av Mike Oldfield[endre | endre wikiteksten]

Tubular Bells er det albumet som er tettast identifisert med Oldfield, og han har ofte kome attende til dette i seinare verk. Opninga på tittelsporet på albumet Crises og stykket «Harbinger» på albumet Music of the Spheres er basert på opninga frå Tubular Bells, og det same er «Secrets» og «The Source of Secrets» frå Tubular Bells III. Opninga er òg direkte sitert i songen «Five Miles Out» frå albumet med same namn, og songen inneheld «varemerke-instrumentet» hans, «Piltdown Man».

Tubular Bells kan reknast som det første i ei rekkje album som heldt fram med Tubular Bells II (1992), Tubular Bells III (1998) og The Millennium Bell (1999).

I 2003 gav Oldfield ut Tubular Bells 2003, ei nyinnspeling av den originale Tubular Bells med ny digital teknologi og fleire «korreksjonar» til det han såg på som feil i den originale produksjonen. Sidan Vivian Stanshall døydde i 1995, var seremonimeisteren på denne utgåva John Cleese.

Studioutgåve

Samlealbum

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk komponert av Mike Oldfield, utanom der anna er nemnt.

Originalutgåva[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Tubular Bells, Part One»25:30
Side to
Nr.TittelLengd
2.«Tubular Bells, Part Two»23:50

2009-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Standardutgåva kom med to bonusspor og inneheldt ein ny miks frå 2009 av originalplata.

Nr.TittelLengd
1.«Tubular Bells (Part One)» (2009 stereo mix)25:58
2.«Tubular Bells (Part Two)» (2009 stereo mix)23:20
3.«Mike Oldfield's Single»3:53
4.«Sailor's Hornpipe» (Vivian Stanshall-utgåva, trad. arr. Oldfield))2:48

Luksusutgåva frå 2009 inneheldt standardutgåva på plate 1, og den originale miksen frå 1973 på plate to. DVD-plata inneheldt 5.1-kringlyd-miksen av standardutgåva og BBC-framføringa frå 1973.

Den ultimate utgåva frå 2009 kom med ei 60 sider lang bok og forskjellite ting som plekter, ein plakat og anna. I tillegg til same innhaldet som luksusutgåva inneheld plata ei tredje CD-plate og ei vinylutgåve av originalplata.

Plate 3 av den ultimate utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Tubular Bells» (den originale Opus One-demoen til Oldfield')22:55
2.«Caveman Lead-In» (demo)2:44
3.«Caveman» (demo)5:06
4.«Peace Demo A» (demo frå 1971)7:01
5.«Peace Demo B» (demo frå 1971)4:22
6.«Tubular Bells, Part One» (skrinlagd første miks, våren 1973)25:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå plateomslaget.

Andre medverkande

Produksjon

  • Trevor Key – kunst
  • Produsert av Mike Oldfield, Simon Heyworth og Tom Newman
  • Innspelings- og lydteknikarar: Simon Heyworth og Tom Newman
  • Mastering av Simon Heyworth

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Fram til 2019 har Tubular Bells lagt i alt 286 veker inne på UK Albums Chart. Frå februar 1974 til mai 1975 låg albumet berre fire veker utafor topp ti. Frå 24. juli 1974 og ti veker framover låg albumet på andreplassen på lista, først bak Paul McCartney og Wings-albumet Band on the Run i sju veker, og så i tre veker bak Oldfield sitt eige oppfølgjaralbum, Hergest Ridge. Tubular Bells gjekk så til slutt til topps på albumlista i veka som enda 5. oktober 1974, seksten månader etter det kom ut.[80] Då det erstatta Hergest Ridge på toppen av lista vart Oldfield den andre artisten i historia som erstatts seg sjølv på toppen av den britiske albumlista (The Beatles klarte det to gonger, i 1963 og 1964). Seinare klarte Michael Jackson det same i juli 2009 og David Bowie i februar 2016, begge etter artistane var død.[81] I Storbritannia har albumet gått inn att på lista kvart tiår etter det kom ut, siste gongen i veka som enda 26. oktober 2013.[82]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973–75) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[83] 1
Kanadiske album (RPM)[84] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[85] 2
Tyske album (Media Control)[86] 37
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[87] 25
Britiske album (OCC)[80] 1
US Billboard 200[88] 3
US Cash Box Albums[89] 1
Liste (2006) Plassering
Spanske album (PROMUSICAE)[90] 86

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Rank
Australske album (Kent Music Report)[91] 6
Kanadiske album (RPM)[92] 36
UK Albums (OCC)[93] 3
US Billboard Pop Albums[94] 22
US Cash Box Albums[95] 17
Liste (1975) Rank
Dutch Charts (MegaCharts)[96] 5
UK Albums (OCC)[97] 9

Tiårslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970–79) Rangering
UK Albums (BMRB)[98] 3

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[99] 3× Platina 210 000^
Canada (Music Canada)[100] 2× Platina 200 000^
Frankrike (SNEP)[101] Gull 100 000*
Nederland (NVPI)[102] Gull 50 000^
Sverige (GLF)[103] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[104] 9× Platina 2,760,000[105]
USA (RIAA)[106] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hardy, Phil (1995). The Da Capo Companion to 20th-century Popular Music. Da Capo Press. s. 705. ISBN 978-0-306-80640-7. «The album became a progressiv rock sensation in Britain, where it remained on the charts for nearly five years and in America, where its success was aided by the inclusion of extracts on the soundtrack of The Exorcist (1973).» 
  2. Donnelly, Kevin J. (2002). Pop Music in British Cinema: A Chronicle. British Film Institute. s. 61. ISBN 0-8517-0863-3. 
  3. O'Casey 2013, 6:24.
  4. O'Casey 2013, 8:04.
  5. O'Casey 2013, 9:34.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Black, Johnny (Summer 2001). «Mike Oldfield: The Making of Tubular Bells». Q (180): 54–55. 
  7. 7,00 7,01 7,02 7,03 7,04 7,05 7,06 7,07 7,08 7,09 7,10 7,11 7,12 Buskin, Richard (April 2013). «Classic Tracks: Mike Oldfield – Tubular Bells». Sound on Sound (Cambridge, England: SOS Publications Ltd). Arkivert frå originalen 25. juni 2020. Henta 25. juni 2020. 
  8. O'Casey 2013, 13:25.
  9. O'Casey 2013, 13:42.
  10. O'Casey 2013, 16:15.
  11. O'Casey 2013, 17:04.
  12. Lemieux, Patrick (2014). The Mike Oldfield Chronology. Toronto: Across the Board Books. s. 18–19. ISBN 978-0-99198-406-0. 
  13. O'Casey 2013, 19:12.
  14. O'Casey 2013, 19:40.
  15. Oldfield 2007, s. 124.
  16. O'Casey 2013, 20:19.
  17. «12 Albums That Changed Music». MSN Music. 2009. Arkivert frå originalen 14. juli 2011. Henta 25. juni 2020. 
  18. «Talent – New on the Charts – Mike Oldfield – «Tubular Bells»». Billboard 86 (10): 24. 9. mars 1974. ISSN 0006-2510. Henta 25. juni 2020. 
  19. «Mike Oldfield - Tubular.net - Tubular Bells». Tubular.net. Henta 28. juli 2019. 
  20. «Lot 391 Mike Oldfield's Fender Telecaster, used to record the album 'Tubular Bells', Film and Rock & Roll Memorabilia Auction 15242». Bonhams. 20. juni 2007. Henta 21. april 2012. 
  21. «Lot 361 Mike Oldfield's Fender Telecaster, used to record the album 'Tubular Bells', Entertainment Memorabilia Auction 15765». Bonhams. 15. januar 2008. Henta 21. april 2012. 
  22. «Lot 277 Mike Oldfield's Fender Telecaster, used to record the album 'Tubular Bells', Entertainment Memorabilia Auction 16905». Bonhams. 16. desember 2009. Henta 21. april 2012. 
  23. «Historic guitar in safe hands of SANE supporter». SANE. 25. februar 2011. Henta 25. juni 2020. 
  24. «Tubular Bells». Dark Star. Arkivert frå originalen 18. april 2015. Henta 25. juni 2020. 
  25. O'Casey 2013, 30:45.
  26. O'Casey 2013, 31:09.
  27. Oldfield 2007, s. 140.
  28. O'Casey 2013, 32:53.
  29. Lemieux (2014). p. 21.
  30. O'Casey 2013, 34:45.
  31. Oldfield 2007, s. 85.
  32. Vander, Christian (2009). Studio Zünd: 40 Ans d'Evolution (liner notes). Magma. France: Le Chant du Monde. 274 1703. 
  33. Oldfield 2007, s. 139.
  34. Oldfield 2007, s. 128, 140.
  35. O'Casey 2013, 35:12.
  36. Hall, John (7. januar 2010). «Royal Mail unveil classic album cover stamps». The Independent. Henta 25. juni 2020. 
  37. Michaels, Sean (8. januar 2010). «Coldplay album gets stamp of approval from Royal Mail». The Guardian. Henta 25. juni 2020. 
  38. Hamlyn, Nick (1994). Musicmaster Price Guide for Record Collectors (3rd utg.). Retail Entertainment Data Publishing Ltd. s. 599. 
  39. «Tubular Bells». Discogs. Henta 25. juni 2020. 
  40. «1983 10th Anniversary Year». Dark Start - The Mike Oldfield Magazine. Arkivert frå originalen 16. desember 2016. Henta 18. desember 2016. 
  41. «Covermounts provoke fresh outrage». Music Week. 30. april 2007. Henta 25. juni 2020. 
  42. «Mail on Sunday hits back in Mike Oldfield row». The Guardian. 12. mai 2007. Henta 25. juni 2020. 
  43. «Oldfield attacks Tubular Bells giveaway». Music Week. 8. mai 2007. Henta 25. juni 2020. 
  44. «Universal press release – Tubular Bells». Mike Oldfield Information Service. 15. april 2009. Arkivert frå originalen 30. august 2009. Henta 24. juni 2020. 
  45. Jackson, Alan (1. mars 2008). «Mike Oldfield regains control of Tubular Bells». The Times. Henta 25. juni 2020. 
  46. «Oldfield signs to Mercury for new album». Music Week. 24. mai 2005. Henta 25. juni 2020. 
  47. «About». Tubular Bells 2009.com. Arkivert frå originalen 1. mars 2010. Henta 25. juni 2020. 
  48. «The Bell is Back» (PDF). Universal Music Group. 2009. Henta 5. juni 2009. 
  49. «The Bells are Back...». TubularBells2009.com. April 2009. Arkivert frå originalen 26. april 2009. Henta 25. juni 2020. 
  50. «Where are they now – Tom Baker». Real Doctor Who Fans. Arkivert frå originalen 7. oktober 2011. Henta 25. juni 2020. 
  51. O'Casey 2013, 0:43.
  52. Dunn, Joseph (9. april 2006). «Me and My Motors: Richard Branson». The Sunday Times. Henta 14. mars 2010. 
  53. 53,0 53,1 Peel, John (7. juni 1973). «Pop Music: Tubular Bells by John Peel». The Listener 89: 774–75. 
  54. «Winwood quits». Sounds: 3. 9. juni 1973. 
  55. 55,0 55,1 55,2 «2nd House». Radio Times (BBC) (2617): 27. 5–11. januar 1974. Henta 25. juni 2020. 
  56. O'Casey 2013, 44:02.
  57. Casey Kasem, American Top 40, 4. mai 1974.
  58. «Mike Oldfield – Chart History – The Hot 100». Billboard. Henta 25. juni 2020. 
  59. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 179. 
  60. «RPM Top Singles». RPM 21. 18. mai 1974. Arkivert frå originalen 31. januar 2015. Henta 25. juni 2020. 
  61. «The Top 200 Singles of '74». RPM 22. 28. desember 1974. 
  62. «Mike Oldfield – full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 25. juni 2020. 
  63. 63,0 63,1 DeGagne, Mike. «Tubular Bells – Mike Oldfield». AllMusic. Henta 25. juni 2020. 
  64. DeRogatis, Jim (28. februar 1993). «Mike Oldfield on CD». Chicago Sun-Times. Arkivert frå originalen 19. november 2018. Henta 25. juni 2020. 
  65. 65,0 65,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: O». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 25. juni 2020 – via robertchristgau.com. 
  66. Christgau, Robert (May 1974). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 25. juni 2020. 
  67. Larkin, Colin (2011). «Mike Oldfield». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  68. Cavanagh, David (September 2000). «Lord of the Rings». Q (168): 126. 
  69. Oldfield 2007, s. 145.
  70. Garner, Ken (2007). The Peel Sessions: A story of teenage dreams and one man's love of new music. BBC Books. s. 80. ISBN 978-1-84607-282-6. 
  71. Clark, Al (16. juni 1973). «Mike Oldfield – Tubular Bells». NME: 39. 
  72. Brown, Geoff (16. juni 1973). «Mike Oldfield – Tubular Bells». Melody Maker: 41. 
  73. Peacock, Steve (9. juni 1973). «A young Virgin will never let you down». Sounds: 24. 
  74. «International News». Billboard: 45. 1. september 1973.  «The Virgin label is to be launched in the U.S. [...] First release under the new deal will be Mike Oldfield's Tubular Bells album which will be issued within the next few weeks.»
  75. Gambaccini, Paul (8. november 1973). «Tubular Bells – Mike Oldfield». Rolling Stone (147): 49. 
  76. Landau, Jon (6. juni 1974). «Top Twenty: The Times, They Are A-Middlin'». Rolling Stone (162): 43. Arkivert frå originalen 9. mai 2006. 
  77. «Winners: 17th Annual GRAMMY Awards (1974)». The Recording Academy. Henta 25. juni 2020. 
  78. «The 50 Best Albums of the '70s». Q: 87–91. April 1998. 
  79. «40 Cosmic Rock Albums». Q & Mojo Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock. July 2005. 
  80. 80,0 80,1 "1974-10-05 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  81. Jones, Alan (5. februar 2016). «Official Charts Analysis: Zayn hits No.1 with solo debut». Music Week. 
  82. «Official Albums Chart Top 100». Official Charts Company. 24. juni 2020. 
  83. Kent, David. Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, New South Wales, Australia: Australian Chart Book Ltd. s. 222. ISBN 0-646-11917-6. Arkivert frå originalen 6. april 2020. Henta 25. juni 2020. 
  84. «Top Albums». RPM 21. 6. april 1974. Arkivert frå originalen 25. juni 2020. Henta 25. juni 2020. 
  85. "Mike Oldfield – Tubular Bells". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  86. "Mike Oldfield - Tubular Bells". Charts.de. Media Control.
  87. "Mike Oldfield – Tubular Bells". Charts.org.nz. Hung Medien.
  88. "Mike Oldfield Album & Song Chart History" Billboard 200 for Mike Oldfield. Prometheus Global Media.
  89. «Cash Box Top 100 Albums». Cash Box: 25. 6. april 1974. 
  90. "Mike Oldfield – Tubular Bells". Spanishcharts.com. Hung Medien.
  91. Kent (1993). «Top 25 Albums 1974». p. 426.
  92. «The Top 100 Albums of '74». RPM 22. 28. desember 1974. Henta 25. juni 2020. 
  93. Mawer, Sharon. «Album Chart History: 1974». Official UK Charts Company. Arkivert frå originalen 17. desember 2007. 
  94. «Top Pop Albums». Billboard. 28. desember 1974.  («Talent in Action» supplement, p. 16)
  95. «Top 100 Albums 74». Cash Box: 32. 28. desember 1974. 
  96. «Jaaroversichten - Album 1975». GfK Dutch Charts. Henta 25. juni 2020. 
  97. Mawer, Sharon. «Album Chart History: 1975». Official UK Charts Company. Arkivert frå originalen 17. desember 2007. 
  98. «Albums of the 70's». Music Week (London, England: Spotlight Publications): 15. 22. desember 1979. 
  99. «The ARIA Australian Top 100 Albums Chart – Week Ending 04 Oct 1992 (61–100) (from The ARIA Report Issue No. 140)». Imgur.com (original document published by ARIA). Henta 25. juni 2020. 
  100. «Canadian album salstrofé – Mike Oldfield – Tubular Bells». Music Canada. 
  101. «Les Certifications depuis 1973: Albums». Infodisc.fr. Henta 25. juni 2020. 
  102. «Dutch album salstrofé – Mike Oldfield – Tubular Bells» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  103. «Guld- och Platinacertifikat − År 1987−1998» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. Henta 12. mai 2019. 
  104. «British album salstrofé – Mike Oldfield – Tubular Bells». British Phonographic Industry.  Enter Tubular Bells in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  105. Copsey, Rob (13. oktober 2018). «The UK's Top 40 biggest studio albums of time». Official Charts Company. Henta 21. november 2018. 
  106. «American album salstrofé – Mike Oldfield – Tubular Bells». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH