Tubular Bells II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tubular Bells II
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 31. august 1992
Innspelt Los Angeles i California og Roughwood Croft i Chalfont St Giles
Sjanger Progressiv rock, new-age[1]
Lengd 58:34
Selskap
Produsent
Mike Oldfield-kronologi
Heaven's Open
(1991)
Tubular Bells II The Songs of Distant Earth
(1994)


Singlar frå Tubular Bells II
  1. «Sentinel»
    Utgjeve: 21. september 1992
  2. «Tattoo»
    Utgjeve: 7. desember 1992
  3. «The Bell av Mike Oldfield»
    Utgjeve: 5. april 1993

Tubular Bells II er det femtande studioalbumet til det engelske musikaren Mike Oldfield, utgjeve 31. august 1992 på WEA og Reprise Records som ein oppfølgjar til debutalbumet hans, Tubular Bells (1973). Etter at kontrakten hans med Virgin Records enda i slutten av 1991, signerte Oldfield for Warner og byrja på ein oppfølgjar til Tubular Bells. I 1998 gav Oldfield ut Tubular Bells III.

Albumet nådde toppen av den britiske albumlista, slike føregangaren gjorde. Det er det tredje albumet til Oldfield (etter Tubular Bells og Hergest Ridge) som klarte dette, og så langt hans siste.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I desember 1991 var kontrakten til Oldfield med Virgin Records over. Denne hadde vart sidan 1972, då han var den første artisten som signerte for selskapet. Virgin hadde pressa Oldfield om å lage ein oppfølgjar til Tubular Bells (1973) i mange år, men Oldfield nølte, dels fordi han var stadig meir misnøgd med mangelen på støtte frå Virgin og ein krangel mellom han sjølv og sjefen i selskapet, Richard Branson. Oldfield meinte òg at ein oppfølgjar i 1970-åra, kort tid etter utgjevinga, ville ha vore «altfor opplagt» og ført til at han hadde gått tom for idear.[2] Albumet hadde vore det bestseljande albumet til Oldfield og halde fram å selje kring 100 000 eksemplar kvart år.[3] Etter å ha gjeve ut Heavens Open (1991), det siste albumet sitt for Virgin, kjende Oldfield at tida var rett for ein oppfølgjar til Tubular Bells. Før han byrja å skrive lytta han til originalalbumet og kartla komposisjonen i forskjellige fargekodar. Han signerte ein avtale for to plater med Rob Dickins, styreformannen i den britiske avdelinga til Warner Music.[3][2] Oldfield lovpriste styret i Warner for at dei uttrykte interesse i musikken hans og kom med konstruktive forslag som kunne hjelpe salet utan at han kjende seg «fastbunden», slik han gjorde med Virgin.[2]

For Tubular Bells II henta Oldfield hjelp hos Tom Newman, som hadde vore med å produsert originalen, og den kjende produsenten Trevor Horn (kjend for arbeidet sitt med The Buggles, Yes og Art of Noise). «Early Stages» som er ein tidleg versjon av det som kom til å bli «Sentinel», kom ut som B-side av singelversjonen av «Sentinel». «Early Stages» har ei noko mørkare stemning og er frå tida før Trevor Horn kom inn i biletet.

Under eit møte i høve 45-årsjubileet til Tubular Bells i Storbritannia den 9. juni 2018, sa Tom Newman at då Horn kom inn, føreslo han raskt at instrumenta skulle lagast i sekvens på ein datamaskin, heller enn å spelast for hand. Dette førte til mykje krangling mellom han sjølv og Horn.

Samanlikningar med Tubular Bells[endre | endre wikiteksten]

Tubular Bells II følgjer delvis den same musikalske strukturen som originalen frå 1973. Tema frå originalen er nytta og så fullstendig om-komponert og spelt med hovudsakleg nye instrument. Resultatet er eit album som har same tematiske variasjon, men som framleis er nytt musikalsk. Somme tema kan reknast som variasjonar av tema frå originalen, med andre partar av ikkje har noko felles med originalen, utanom stemninga eller kjensla.

I motsetnad til Tubular Bells er det eit tema som går att, som først dukkar opp mot slutten av «Sentinel». Dette er mest tydeleg mot slutten av «The Bell».

I 1998 kom enno ein oppfølgjar, Tubular Bells III, og i 2003 gav Oldfield ut ein heilt nyinnspelt versjon av Tubular Bells, som Tubular Bells 2003.

Seremonimeister[endre | endre wikiteksten]

På første halvdel av albumet vert instrumenta introdusert av den britiske skodespelaren Alan Rickman, men står ikkje oppført i omslaget som noko anna enn «a strolling player» fordi han ikkje var blitt valt ut då plateomslaget vart laga. Seremonimeisteren på urpremieren av konserten i Edinburgh var John Gordon Sinclair.

På alternative miksar av «The Bell av Mike Oldfield», gjeven ut som B-sider på singlar, var Billy Connolly og Vivian Stanshall (røysta på den originale Tubular Bells) seremonimeistrar. På to B-sider av «The Bell» spelt inn på andre språk, var den tyske komikaren MC Otto og spanske MC Carlos Finally seremonimeistrar.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Somme av titlane på albumspora var teken frå novellene til Arthur C. Clarke, inkludert «The Sentinel» og «Sunjammer». Andre titlar kan vere referansar til science fiction, eller verdsrommet generelt, som «Dark Star» og «Weightless».

Oldfield har stundom kalla somme av spora på albumet andre namn i intervju, som då han ein gong skulle spele «Red Dawn» på BBC Radio 2 og kalla denne «Russian». Tittelen «Russian» vart seinare gjeven eit liknande stykke på den nyinnspelte versjonen av originalen av Tubular Bells, Tubular Bells 2003.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Tubular Bells II nyttar igjen eit bøygd metallrøyr (som representerer ei bøygd røyrbjølle) på omslaget. Bjølla har gullfarge mot ein mørkeblå bakgrunn. Omslaget vart skapt av Trevor Key, som òg laga det originale omslaget.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Albuemt fekk blanda kritikk då det kom, sjølv om det nådde toppen av albumlistene i fleire land.[4][5] Magasinet Q skildra det som «meir konsistent, men mindre melodi-glad enn TBI» og trekte fram «eventyrstøvet til produsenten Trevor Horn» som ein fordel.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne og komponerte av Mike Oldfield.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sentinel»8:07
2.«Dark Star»2:16
3.«Clear Light»5:48
4.«Blue Saloon»2:59
5.«Sunjammer»2:32
6.«Red Dawn»1:50
7.«The Bell»6:59
Side to
Nr.TittelLengd
8.«Weightless»5:43
9.«The Great Plain»4:47
10.«Sunset Door»2:23
11.«Tattoo»4:15
12.«Altered State»5:12
13.«Maya Gold»4:01
14.«Moonshine»1:42

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1992) Plassering
UK Albums Chart 1
Spania 1 [8]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Tyskland (BVMI)[9] Gull 250 000^
Spania(PROMUSICAE)[10] 5× Platina 500 000^
Storbritannia (BPI)[11] 2× Platina 600 000^
Worldwide 2,000,000[12]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tubular Bells IIAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 Manrique, Diego (1992). «Mike Oldfield has regained his balance back». El Hombre. Henta 4. juli 2020 – via Tubular.net. 
  3. 3,0 3,1 Smith, Giles (27. august 1992). «Oh No, It's Tubular Bells II!». The Independent. Henta 4. juli 2020 – via Tubular.net. 
  4. «Tubular Bells II Review». Melody Maker. 19. september 1992. Henta 4. juli 2020. As follow-ups go, it's probably safe to remark that this does not rank alongside Godfather II, French Connection II, or even, God help us, Exorcist II - The Heretic. In short, it's appalling. 
  5. «Tubular Bells 2 Review». Klaverinstrument Magazine. January 1993. Henta 4. juli 2020. Much of TB2 is glorious, even by comparison to TB1. 
  6. «Tubular Bells II Review». Q. September 1992. Henta 4. juli 2020. 
  7. «Notes on the Musikars». Mike Oldfield. Henta 30. januar 2012. 
  8. Diego Manrique (1992). «Mike Oldfield has regained his balance back». MAN «El Hombre». Henta 4. juli 2020. 
  9. «Gold-/Platin-Datenbank (Mike Oldfield; 'Tubular Bells II')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 4. juli 2020. 
  10. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 935. ISBN 84-8048-639-2. Henta 13. mai 2019. 
  11. «British album salstrofé – Mike Oldfield – Tubular Bells II». British Phonographic Industry. Henta 4. juli 2020.  Enter Tubular Bells II in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  12. Gillen, Marilyn (5. november 1995). «Oldfield Pioneers Music/Cyberspace Border». Billboard. Henta 4. juli 2020.