Hopp til innhald

Tucholaskogen

Tucholaskogen
skog
Land  Polen
Kart
Tucholaskogen
53°49′21″N 17°54′52″E / 53.8225°N 17.914444444444°E / 53.8225; 17.914444444444
Wikimedia Commons: Tuchola Forest
Plassering i Nord-Polen
Tuecheler Heide på eit tysk kart over provinsen Vest-Preussen i 1896.
Tre i nasjonalparken

Tucholaskogen (polsk Bory Tucholskie; kasjubisk Tëchòlsczé Bòrë; tysk Tuchler eller Tucheler Heide) er ein stor skog nær byen Tuchola (Tucheln) nord i Polen og ligg mellom elvane Brda og Wda.

Området vart forma under den siste istida og er dekt av låge åsar og meir enn 900 vatn. Med eit areal på 1200 km² med tett gran- og furuskog, er skogen ein av dei største i Polen og Sentral-Europa. Sidan 1996 har området vart ein del av Tucholaskogen nasjonalpark, som har eit areal på 46,13 km². Om lag ein tredjedel av området er busett av Kociewiacy-folket.

Dei største byane i området er Czersk og Tuchola.

Under Det tyske keisardømet var Truppenübungsplatz Gruppe eit militært område der det vart utført medisinske forsøk.

Under invasjonen av Polen i 1939 i byrjinga av den andre verdskrigen vart det store slaget ved Tucholaskogen utkjempa i området, og det vart igjen okkupert av tyske troppar.[1] og kalla Truppenübungsplatz Westpreußen, eller kodenamn «Heidekraut».

Mellom august 1944 og januar 1945 utførte SS-troppar under Hans Kammler og Walter Dornberger omfattande testar av A-4-missil (V-2-rakettar), etter at teststaden nær Blizna vart oppdaga og så bombardert av dei allierte. Om lag 107 missil vart fyrte av i retning sørover. I januar 1945 evakuerte tyskarane område før Den raude arméen tok over området.

Etter den andre verdskrigen var skogen ein skjulestad for mange antikommunistiske partisanar, mellom anna Zygmunt Szendzielarz.

  1. Heinz Guderian: Erinnerungen eines Soldaten, "Ich hatte am 3.9 ... meinen Sohn Kurt wiedergesehen und mich dabei an den Türmen von Kulm, meiner Geburtsstadt, erfreut, die vom Ostufer der Weichsel herüberwinkten. Am 4.9 ... bei ihren Waldgefechten und endete auf dem alten deutschen Truppenübungsplatz Gruppe westlich Graudenz.", 1951,

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

53°36′N 18°00′E / 53.600°N 18.000°E / 53.600; 18.000