Hopp til innhald

Tucumansporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tucumansporv
Tucumansporv
Tucumansporv
Utbreiing
Utbreiinga av Tucumansporv
Utbreiinga av Tucumansporv
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarfamilien
Slekt: Poospiza
Art: Tucumansporv P. baeri
Vitskapleg namn
Poospiza baeri

Tucumansporv (Poospiza baeri) er ein fugleart i tanagarfamilien Thraupidae. Han er har hovudutbreiing i eit høgtliggande område av Tucumánprovinsen i Argentina, dels nordover og inn i Bolivia. Arten er knytt til fuktige punagrasmarker og tilstøytande skog som Polylepis-skog.

Tucumansporven er ein stor art i slekta, 16,5-18 cm lang og veg ca. 33 gram. Hannane har ei iaugefallande fjørdrakt med ei uvanleg kombinasjon av raudt og grått. Det meste av drakta er i grått, men panne med brei augestripe, underside av auge i halvmåneform, strupe, øvre bryst og undergump er i markant raudbrunt. Oversida er blågrå. Hoer har liknande drakt, men med mindre utbreiing av raudbrunt område på strupe og bryst. Ungfuglar er bleikare med bruntone på oversida.

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Denne arten er lever nordvest i Argentina og inn i Tarija-departementet i Bolivia. Frå sør til nord i Argentina ligg utbreiinga innanfor provinsane La Rioja, Catamarca, Tucuman, Salta og Jujuy. Her lever dei i høgder mellom 2500 og 3100 moh. i puna av grasmarker og buskskog, inkludert older-treslag og Polylepis-treslag.

Arten er hovudsakleg ein standfugl, men utanom hekketida kan dei røre seg inn i byar, og lengst sør i utbreiingsområdet kan dei søke ned i lågare høgder i den australske vinteren.

Tucumansporven et truleg hovudsakleg frø. Dei sest oftast i par, men òg i små fleirartsflokkar når dei leitar etter mat utanom hekkesesongen.

Songen er «ein serie korte fløytelydar med variasjon i frekvens: 'swit-jeet-siit-swop-sweet-swit…'».[1]

Trugsmål og vern

[endre | endre wikiteksten]

Husdyrhald har øydelagt habitat, og oppretting av plantasjar for potet og jordbærdyring i nærområdet er trugsmål mot arten som består av ein global populasjon estimert til ca. 2500-10 000 individ. Arten har vern i ein nasjonalpark i Tucuman, og i eit reservat i Bolivia.[2]

  • Jaramillo, A. (2021). Tucuman Mountain Finch (Poospiza baeri), version 1.1. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.tumfin1.01.1
  1. ↑ Jaramillo,et al
  2. ↑ BirdLife International (2016). «Poospiza baeri». IUCN Red List of Threatened Species. 2016: e.T22723275A94810140. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22723275A94810140.en. Henta 8. februar 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tucumansporv