Tuddal stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stavkyrkjeportal
Foto: Riksantikvaren

Namnet Tuddal stavkyrkje kan nyttast om to kyrkjer. Kyrkjestaden er ved Øverland (gnr./bnr. 105/1), men Jan Brendalsmo[1] meiner at Tuddal kan ha vore namnet på opphavsgarden då det først vart oppført kyrkje. «Kirkian j Tuthdale»[2] brann i 1369 eller like før, og ein kar kalla Kjetil Karlsson, som skal ha tent ljos i ein kove ved kyrkja den dagen, vart frikjend av biskopen for brannstifting.

Lorentz Dietrichson[3] kallar kyrkja som vart oppført etter brannen, «Tuddals yngre kirke», og han trur at ho vart oppført rundt 1370. Denne kyrkja vert av Nicolay Nicolaysen[4] omtala som «den oprindelige kirke» og skal ifølgje ein synfaringssrapport frå 1668 ha vore «en stavbygning med svalgang og mange skruv om og lig Vinjes». Andre skildringar av stavkyrkja finst ikkje. Dei nærare omstenda omkring rivinga synast ukjende, men ein trur at kyrkja vart riven kort tid før dagens kyrkje vart oppført.

Gjenstandar frå stavkyrkja[endre | endre wikiteksten]

Eit par portalplankar frå stavkyrkja er bevarte. Desse var seg ifølgje Dietrichson å finne på ein lokal gard fram til 1870-åra, men skal så ha funne vegen til Nordiska museet i Stockholm. Dietrichson har ikkje høge tankar om treskurden: «...og udskjæringerne er forfærdelig slette. De frembyder kun et og samme motiv: et ensforrnigt, stadig gjentaget plantemotiv [...] Det hele maa betegnes som vor middelalderske træskjærerkunsts dybeste forfald, der saaledes kan betegnes ved tiden kort efter den sorte død omkring 1370.»[5]

Elles finst eit beslag og ein lås frå stavkyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brendalsmo, s. 80.
  2. Diplomatarium Norvegicum V:261
  3. Dietrichson, s. 422.
  4. Nicolay Nicolaysen (1862–66). Norske fornlevninger: En oplysende fortegnelse over Norges fortidslevninger, ældre en reformationen og henførte til hver sit sted. Foreningen til Norske fortidsminnesmerkes bevaring. s. 222. 
  5. Dietrichson, s. 423.