Tuesday's Gone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tuesday's Gone
Song av Lynyrd Skynyrd
frå albumet (pronounced 'lĕh-'nérd 'skin-'nérd)
Utgjeve 13. august 1973
Innspelt Studio One i Doraville i Georgia, 3. april 1973
Sjanger Southern rock
Lengd 7:32
Selskap MCA Records
Komponist Ronnie Van Zant
Låtskrivar(ar) Ronnie Van Zant
Allen Collins
Produsent Al Kooper
Tuesday's Gone
Song av Metallica
frå albumet Garage Inc.
Utgjeve 24. november 1998
Innspelt September–oktober 1998 i The Plant Studios i Sausalito i California.
Sjanger Southern rock
Lengd 9:05
Selskap Elektra Records
Komponist Ronnie Van Zant
Låtskrivar(ar) Ronnie Van Zant
Allen Collins
Produsent Bob Rock
James Hetfield
Lars Ulrich
Mark Whitaker

«Tuesday's Gone» er ein song av Lynyrd Skynyrd frå debutalbumet (Pronounced 'lĕh-'nérd 'skin-'nérd) frå 1973. Songen kom òg med på det første konsertalbumet deira, One More From the Road.

Al Kooper la til Mellotron-strykarar på refrenget på songen. Det er ein av få Lynyrd Skynyrd-songar der Bob Burns, ein av dei originale medlemmane og trommisen i bandet, ikkje spelar på. Trommeslagaren i Atlanta Rhythm Section, Robert Nix, spelte på studioversjonen. Bob Burns spelte derimot på demoversjonen frå same innspelinga.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Metallica spelte inn «Tuesday's Gone» på albumet Garage Inc., med ei gjesteframføring frå Gary Rossington, på guitar Pepper Keenan frå Corrosion of Conformity, John Popper frå Blues Traveler, Les Claypool frå Primus, Jerry Cantrell frå Alice in Chains og Jim Martin, tidlegare i Faith No More.

I 1988 vart songen spelt inn av countryartisten Hank Williams jr. som siste sporet på albumet Wild Streak.

Ian Stuart Donaldson frå Skrewdriver spelte inn songen med Stigger på albumet Patriotic Ballads 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]