Tufjorden på Magerøya

Koordinatar: 71°6′8″N 25°39′1″E / 71.10222°N 25.65028°E / 71.10222; 25.65028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tufjorden ved Nordkapp)

71°6′8″N 25°39′1″E / 71.10222°N 25.65028°E / 71.10222; 25.65028

Tufjorden sett frå vegen ut mot Nordkapp
Tufjorden
Foto: David Torras

Tufjorden (samisk Irevuotna) er ein fjord på nordvestsida av Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden ligg på sørsida av halvøya der sjølve Nordkapp og Knivskjellodden ligg på og strekkjer seg 12 km søraustover til fiskeværet Tufjorden i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Likholmen i nord og Lysøynæringen i sør. Like aust for Lysøynæringen ligg den vesle fjordarmen Gampollen. Litt lenger aust strekkjer Risfjorden seg søraustover. Fjorden er 129 meter på det djupaste, like nord for Risfjorden.