Tughlakdynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
سلطنت تغلق
Tughlakdynastiet
Blank.png
1320–1413
Plasseringa til {{{kortnamn}}}
Utbreiinga til Tughlak-dynastiet på sitt største, 1330-1335.
Hovudstad Delhi
Språk Persisk (offisielt)[1]
Religion Offisiell: Sunniislam
Innbyggjarar også hinduisme,[2] sjiaislam[3] andre[3]
Styreform Sultanat
Sultan
 - 1321–1325 Ghiyassudin Tughlak
 - 1325–1351 Muhammad bin Tughlak
 - 1351–1388 Feruz sjah Tughlak
 - 1388–1413 Ghiyassaldin Tughlak sjah / Abu Bakr sjah / Muhammad sjah / Mahmud Tughlak / Nusrat sjah
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 1320
 - Opphøyrde 1413
Føregjengar
Etterfølgjarar
Blank.png Khaldji-dynastiet
Sayyid-dynastiet Blank.png
Vijayanagarariket Flag of vijaynagara.jpg
Bahmani-sultanatet Blank.png
Bengal-sultanatet Blank.png
Gujarat-sultanatet Gujarat Sultanate Flag.gif

Tughlak-dynastiet (også skrive Tughluq og Tughluk) var eit turko-indisk dynasti[4] i det indiske Delhisultanatet i mellomalderen.[5]

Dynastiet kom til makta i Delhi i 1320 då Ghazi Malik kom på trona under tittelen Ghiyasuddin Tughlak. Det hadde si største utbreiing mellom 1330 og 1335, etter hærtog leia av Muhammad ibn Tughlak.[6] Etter 1335 smuldra riket ganske raskt opp.[7]

Dynastiet mista makt på sluttenav1300-talet. Riket blei erobra av mongolane under Timur Lenk i 1389.[8][9] Det fall endeleg i 1413, då det blei erstatta av Sayyid-dynastiet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Khaldjidynastiet herska over Delhisultanatet fram til 1320.[10] Den siste herskaren var Khusro Khan, ein hindu som hadde konvertert til islam og deretter blitt general i hæren til sultanatet.[11] Etter at Alauddin Khaldji døydde av sjukdom i 1316 fann det stad ei rekkje arrestasjonar og snikmord i palasset.[12] Khusro Khan kom til makta i juni 1320 etter å ha drepe sonen til Alauddin Khaldji, Mubarak Khaldji.[10] Han mangla likevel støtte frå adelen i Delhi, som i staden bad den dåverande gurvernøren i Panjab, Ghazi Malik, om å ta makta. Ghai Malik leia eit kupp og tok makta i Delhi. I 1320 gjekk han til militært åtak på Khusro Khan, drap han og tok makta.[7][13]

Ghiyasuddin Tughlak[endre | endre wikiteksten]

Då han kom på trona tok Ghazi Malik namnet Ghiyasuddin Tughlak, og med dette både skipa og namngav han Tughlakdynastiet.[14] Han blir også kalla Tughlak sjah. Han var av tyrko-indisk opphav, faren hans var ein tyrkisk mamelukkslave og mor hans ein lokal hindu.[4][15]

Ruinane av Tughlak-festningen i Tughlakabad.

Som sultan løna Ghiyasuddin Tughlak dei som hadde hjelpt han på trona, og forfølgde dei som hadde hjelpt Khusro i staden. Ifølgje sin eigen historikar, Ziauddin Barani, innførte han rettvise skattar som sikra at undersåttane ikkje blei så rike at dei kunne kjempa mot han om makta, men heller ikkje så fattige at dei leid naud.[14]

Han grunnla ein by seks kilometer aust for og kalla han Tughlakabad. Byen var befesta slik at han lettare kunne stå imot åtak frå mongolane.[16]

I 1321 sende han den eldste sonen sin Ulugh Khan, seinare kjend som Muhammad bin Tughlak, sørover til Deogir for å plyndra hindurika Arangal og Tilang (no i delstaten Telangana). Det første forsøket ende med nederlag.[17] Fire månader seinare sende Ghiyasuddin Tughlaq store forsterkingar og ba han prøva på nytt[18] Denne gongen tok Ulugh Khan rika. Arangal fekk namnet endra til Sultanpur, og rikdommar og fangar blei tekne frå dei erobra rika til Delhisultanatet.

I 1324–1325 gjekk Ghiyasuddin Tughlak til åtak på Lukhnauti, eller Bengal, og sigra over herskaren Shamsuddin Firoz Shah.[17] På veg tilbake til Delhi saman med søn Mahmud khan omkom han då eit trehus (kushk) raste saman over dei. Det er uklart om dette var ei ulukke eller eit drap. Ein offisiell hoffhistorikar nemner at lynet skulle ha truffe bygningen.[19] Ein annan hoffhistorikar, Al-Badāʾunī ʻAbd al-Kadir ibn Mulūk-Shāh, forklarer kollapsen med at elefantar sprang på han, men nemner også eit rykte om at ulukka var planlagd.[17] Ei rekkje andre historikarar frå rundt denne tida, som Ibn Battuta, al-Safadi, Isami,[6] og seinare, som Vincent Smith,[20] fortel at Ghiyasuddin blei drepen av sin eigen son Ulugh Juna Khan. Ulugh Khan skal ha planlagd saman med sufi-predikanten Nizamuddin Auliya om å byggja strukturen utan grunnmur og for at han skulle bryta saman på eit passande tidspunkt. Historiske dokument fortel at Ulugh khan, som hadde makta i Delhi medan faren var i hærtog, hadde funne ut at han skulle flyttast frå Delhi når faren kom tilbake.[21][22]

Muhammad bin Tughlak[endre | endre wikiteksten]

Juna Khan kom på trona som Muhammad bin Tughlak, og sat ved makta i 26 år.[23] Under han blei Delhisultanatet utvida til å dekkja det meste av Det indiske subkontinentet.[24] Han erobra og plyndra Malwa, Gujarat, Mahratta, Tilang, Kampila, Dhur-samundar, Mabar, Lakhnauti, Chittagong, Sunarganw og Tirhut.[25] Dei fjerne felttoga hans var kostbare, men kvart av dei medførte ny rikdom i form av plyndra gods og lausepengar for fangar. Det utvida riket var vanskeleg å styra, og opprør blei vanlege alle stader.[26]

Muhammad bin Tughlak heva skattane til så høge nivå at folk nekta å betala dei. I dei fruktbare område mellom Ganges og Yamuna blei raten for grunnskatt, eller landskatt, for ikkje-muslimar gjort ti gonger større, i nokre distrikt heile tjue gonger større.[15] I tillegg til landskatt måtte dhimmiar (ikkje-muslimar) betala skatt på avlingane sine med halvparten eller meir av avlinga. Desse plutselege, kraftige aukene i skatt førte til at heile hindulandsbyar braut opp og flykta inn i jungelen i staden for å dyrka jorda.[26] Mange blei røvarar i staden.[15] Det oppstod svolt. Sultanen svarte bittert med arrestasjonar, tortur og felles avstraffing.[26] Forfølgingane råka ikkje berre ikkje-muslimane, men også sjialeiarar (sayyid), sufileiarar (qalandar) og andre muslimske embetsfolk.[3] Ibn Battuta fortel i sitt verk at Muhammad bin Tughlak ikkje betalte sodatane, dommarane, rådgjevarane eller andre embetsfolk frå sitt eige skattkammer, men gav dei løyve til å krevja inn skatt sjølv, behalda ein del og overføra resten til sultanen.[27][28]

Sultanen grunnla ein ny by, Jahanpannah, som tyder 'verdas vern'. Denne band saman eldre Delhi med Siri-festningen.[29] Seinare gav han ordre omå flytta hovudstaden i sultanatet frå Delhi til Deogiri i noverande Maharashtra, og endra namnet på byen til Daulatabad). Han gav ordre om at innbyggjarane i Delhi skulle flyttast. Dei som nekta blei drepne.[20] Flyttinga feila fordi Daulatabad låg i eit tørt område som ikkje hadde nok drikkevatn til ein heil hovudstad. Denne blei derfor flytta tilbake til Delhi. Hendinga hadde likevel historisk tyding, ettersom mange muslimar frå Dehli blei verande i Deccan, og dermed bidrog til ein større muslimsk folkesetnad i sentrale og sørlege India.[24]

I 1327 braut det ut opprør mot Muhammad bin Tughlaq. Desse fortsette ut regjeringstida hans, og maktområdet til sultanatet gjekk tilbake, særleg etter 1335. Vijayanagarariket oppstod i Sør-India som direkte følgje av åtaka frå Delhisultanatet,[30] og frigjorde etterkvart Sør-India frå nordleg kontroll.[31] I 1336 sigra Kapaya Nayak frå Musunuri Nayak over Tughlakhæren, og tok tilbake Warangal frå Delhisultanatet.[32] I 1338 gjorde hans eigen nevø opprør i Malwa, men blei overvunnen og avretta.[15] I 1339 hadde dei austlege regionane under lokale muslimske guvernørar og sørlege område under hindufyrstar gjort opprør og erklært sjølvstende. Muhammad bin Tughlak hadde ikkje nok ressursar eller støtte til å vinna tilbake dei tapte områda.[33] I 1347 var Bahmanisultanatet blitt eit sjølvstendig og konkurrerande muslimsk rike i Deccan-regionen.[34]

Mynt slått under Muhammad bin Tughlaq i billig metall.

Muhammad bin Tughlaq la planar om å angripa Khorasan, Irak (Babylon/Persia) og Kina for å spreia sunniislam til desse områda.[35] For hærtoget mot Khorasan samla han eit kavaleri på over 300 000 hestar nær Delhi, betalt for av statskassa. Før han kunne gjennomføra åtaket hadde han gått tom for middel, og soldatane nekta å fortsetjai tenesta utan løn. For åtaket påKina sende han ein hær på 100 000 soldatar gjennom Himalaya.[15] Lokale folk stengde passa for retrett, og det kalde vêret i lag med at dei ikkje kunne trekka seg tilbake knuste hæren.[35] Dei få soldatane som overlevde og overleverte det dårlege bodskapet blei avretta av sultanen.[36]

Muhammad bin Tughlaq er også kjend for eit forsøk på å innføra myntar av billigare metall enn det som var vanleg - ei tidleg form for skiljemynt. Forsøket slo feil fordi myntane var lette å forfalska. Historikaren Ziauddin Barni skreiv at kvart hus blei eit myntverk, og at folk brukte millionar av falske myntar til å betala dei ulike skattane dei var pålagde.[37] Samstundes var dei ikkje villige til å bytta gullet og sølvet dei åtte mot dei nye myntane av messing og kopar.[38] Til slutt var sultanen nøydd til å kjøpa inn både ekte og falske myntar til det låg haugar av myntar innanfor murane av Tughluqabad.[39] Eksperiemntet førte til økonomisk samanbrot, og det var fleire dødelege svoltkatastrofar i riket i åra som følgde.[20] [40][41] Muhammad bin Tughlaq døydde i mars 1351[6] under ein straffeekspedisjon til Sind og Gujarat, der folk hadde nekta å betala skatt.[33] Då han døydde hadde grensa for sultanen sin kontroll gått tilbake til Vindhyafjella i noverande Madhya Pradesh.[6]

Firoz sjah Tughlak[endre | endre wikiteksten]

Etter at Muhammad bin Tughlak døydde hadde ein slektning, Mahmud Ibn Muhammad, makta i under ein månad. Deretter blei han erstatta av den 45 år gamle nevøen til Muhammad bin Tughluq, Firuz sjah Tughlak. Han blei verande på trona i 37 år.[42] Han var son av Sipah Rajab og ei hinduprinsesse, Naila frå Dipalpur, som blei tvinga til å gifta seg med han etter at han og sultanen hadde truga heile familien og landet hennar med å ta alt dei åtte. Firoz var den eldste sonen deira.[43]

Historikaren Ziauddin Barni, som hadde overvlevde Muhammad Tughlak og tente Firoz sjah i seks år, skreiv at han var den mildaste herskaren sidan islam hadde kome til Delhi.[6] Andre hoffhistorikarar, som 'Afif, fortel om fleire konspirasjonar og drapsforsøk på Firoz.[44]

Måleri av ruinar i Feroze Shah Kotla i Delhi frå 1802.

Firoz Sjah Tughlak prøvde å ta tilbake gammalt territorium gjennom ein krig i Bengal i 1359 som varte i 11 månader. Sjølv om han vann militære sigrar blei Bengal verande sjølvstendig frå sultanatet. Firuz sjah Tughlak var nokså veik militært sett, mest på grunn av dårleg leiarskap i hæren.[42]

Då Firuz sjah kom til makta leid landet av ein samanbroten økonomi, svolt og forlatne byar og landsbyar. Som sultan bygde han ut infrastrukturen, med vatningskanalar mellom Yamuna-Ghaggar og Yamuna-Sutlej, som framleis var i bruk på 1800-talet, bruer, karavanserai, moskear, koranskular og andre muslimske bygningar.[6] På den andre sida stod han for øydelegginga av hindutempel, og straffa folk som prøvde å attreisa dei etter at dei var blitt raserte av tughlakhæren. Regjeringstida hans var prega av meir ro og ein reduksjon i ekstreme former for tortur, men også av aukande intoleranse for og forfølging av utvalde grupper.[45] Firoz sjah rekna seg sjølv som svært from, og prøvde å styrka sunniislam og avskaffa praksisar han såg på som uislamske.

Han skreiv i sitt eige memoar[46] at han avskaffa grusame torturmetodar som amputasjonar, fjerning av auge, knusing av bein, brenning eller å hella flytande bly på folk som straff.[45]

Men han forfølgde likevel praktiserande hinduar og forkynnande rafawiz-sjiamuslimar og mahdiar.[47] Mange av dei blei avretta. Historikaren Shams-i Siraj 'Afif fortel også at Firoz sjah hadde hinduar brende levande fordi dei følgde religionen sin og nekta å konvertera til islam.[48] Firoz sjah fortel i memoara sine om korleis han fekk hinduar til å konvertera til islam gjennom å frita dei frå skattar og jizya (avgift for vantru) om dei konverterte, og ved å gje nye konvertittar gåver og ærestilvisingar. Samstundes forhøga han skattar og jizya for dei som ikkje konverterte, og enda praksisen med å ikkje krevja slike skattar frå brahminar.[45][49]

[[Timur Lenk>Timur]] nedkjemper sultanen av Delhi, Nasir-ud-Din Mahmud sjah, vinteren 1397-1398.

Under Firuz sjah auka talet på adelsfolk (amirar) og slavar i riket kraftig. Dei fekk gode kår, og begge gruppene fekk større makt. Han hadde stor tru på klare arvelinjer, der embete og offiserstillingar gjekk i arv til ein son, svigerson, slave eller til sist kona til den avdøde.[50]

Arvestrid og mongolsk invasjon[endre | endre wikiteksten]

Den eldste sonen til Firuz sjah, Fath Khan, hadde døydd i 1376. I august 1387 abdiserte Firuz sjah og gjorde den andre sonen sin, Muhammad, til sultan. Eit slaveopprør gjorde at han overførte tittelen til barnebarnet sitt, Tughlak Khan.[9] Allereie før han døydde i 1388 var trona omstridd, og etter han var sultanatet prega av krig og opprør.[6] Tughlak Khan herska berre i litt over fem månader, før han blei avsett og drepen av Muhammad med hjelp frå slektningen Abu Bakr sjah. Abu Bakr blei ny sultan, men måtte no slost mot Muhammad, som til sist vann trona og fekk Abu Bakr fengsla. Muhammad sat på trona fram til 1394. Han blei etterfølgd av Nasiruddin Mahmud sjah Tughlak, den siste tughlakherskaren.

I 1398 invaderte mongolleiaren Timur Lenk Nord-India. Han kryssa Indus i slutten av september og erobra og raserte byen Tulamba. I oktober tok han Multan.[51] Han gjekk til åtak på Delhi den 17. desember 1398. Sultan Nasiruddin Mahmud sjah Tughlak stod imot han, men var svekka av dei mange konfliktane i herskarfamilien. Styrkane til Timur vann kampen, og Delhi blei lagt i ruinar. Krigsfangar og ei mengd innbyggjarar blei massakrerte. Det skulle ta nesten hundre år før byen kom seg på fote att etter herjinga.[52]

Sultanar[endre | endre wikiteksten]

Tituleringsnamn Personleg namn Regjeringstid
Sultan Ghiyath-ud-din Tughlak sjah
سلطان غیاث الدین تغلق شاہ
Ghazi Malik
غازی ملک
1321–1325
Sultan Muhammad Adil bin Tughlak sjah
سلطان محمد عادل بن تغلق شاہ
Ulugh khan
الغ خان
Juna khan
جنا خان
Malik Fakhr-ud-din
ملک فخر الدین
1325–1351
Sultan Firoz sjah Tughlak
سلطان فیروز شاہ تغلق
Malik Firoz ibn Malik Rajab
ملک فیروز ابن ملک رجب
1351–1388
Sultan Ghiyath-ud-din Tughlak sjah
سلطان غیاث الدین تغلق شاہ
Tughlak khan ibn Fateh khan ibn Feroze sjah
تغلق خان ابن فتح خان ابن فیروز شاہ
1388–1389
Sultan Abu Bakr Shah
سلطان ابو بکر شاہ
Abu Bakr khan ibn Zafar khan ibn Fateh khan ibn Feroze sjah
ابو بکر خان ابن ظفر خان ابن فتح خان ابن فیروز شاہ
1389–1390
Sultan Muhammad sjah
سلطان محمد شاہ
Muhammad sjah ibn Feroze sjah
محمد شاہ ابن فیروز شاہ
1390–1394
Sultan Ala-ud-din Sikandar sjah
سلطان علاءالدین سکندر شاہ
Humayun khan
ھمایوں خان
1394
Sultan Nasir-ud-din Mahmud sjah Tughlak
سلطان ناصر الدین محمود شاہ تغلق
Mahmud sjah ibn Muhammad sjah
محمود شاہ ابن محمد شاہ
1394–1412/1413
Sultan Nasir-ud-din Nusrat sjah Tughlak
سلطان ناصر الدین نصرت شاہ تغلق
Nusrat Khan ibn Fateh Khan ibn Feroze sjah
نصرت خان ابن فتح خان ابن فیروز شاہ
1394–1398
  • Dei farga rekkjene viser til delinga av Delhisultanatet mellom to sultanar; ein i aust (oransje) ved Firozabad og den andre i vest (gult) i Delhi.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Sultanane i Tughlaqkdynastiet, særleg Firoz Shah Tughlaq, utførte mange byggjeprosjekt og bidrog til utviklinga av indo-islamsk arkitektur.[53] Bygningane som står att etter tughlakane er særleg gravmæle, som er relativt enkle og lite prega av dekorasjon og inspirasjon frå hinduarkitektur som ein finn i seinare lodi- og mogularkitektur. Gravmonumenta kan vera kvadratisk, oktagonalt eller paviljongforma. Dei kan minna om festningar, med ein mur rundt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Arabic and Persian Epigraphical Studies - Archaeological Survey of India». Asi.nic.in. Henta 2010-11-14. 
  2. Henry Sharp (1938), DELHI: A STORY IN STONE, Journal of the Royal Society of Arts, Vol. 86, No. 4448, pp 321-327
  3. 3,0 3,1 3,2 Tarikh-I Firoz Shahi Ziauddin Barni, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, pages 236-238
  4. 4,0 4,1 Jamal Malik (2008). Islam in South Asia: A Short History. Brill Publishers. s. 104. 
  5. Lombok, E.J. Brill's First Encyclopedia of Islam, Vol 5, ISBN 90-04-09796-1, s. 30, 129-130
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Jackson, Peter (2003). The Delhi Sultanate: A Political and Military History. Cambridge, England: Cambridge University Press. ISBN 978-0521543293. 
  7. 7,0 7,1 W. Haig (1958), The Cambridge History of India: Turks and Afghans, Volume 3, Cambridge University Press, pp 153-163
  8. Edmund Wright (2006), A Dictionary of World History, 2. utg., Oxford University Press, ISBN 9780192807007
  9. 9,0 9,1 Sen, Sailendra (2013). A Textbook of Medieval Indian History. Primus Books. s. 90–102. ISBN 978-9-38060-734-4. 
  10. 10,0 10,1 Holt et al. (1977), The Cambridge History of Islam, Vol 2, ISBN 978-0521291378, s. 11-15
  11. Vincent Smith, The Oxford Student's History of IndiaGoogle Books, Oxford University Press, s. 81-82
  12. Tarikh-I Firoz Shahi Ziauddin Barni, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, pages 214-218
  13. Mohammad Arshad (1967), An Advanced History of Muslim Rule in Indo-Pakistan, s. 90-92
  14. 14,0 14,1 Tarikh-I Firoz Shahi Ziauddin Barni, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, s. 229-231
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 William Hunter (1903), A Brief History of the Indian Peoples, p. 124, på Google Books, 23rd Edition, s. 124-127
  16. William Hunter (1903), A Brief History of the Indian Peoples, p. 123, på Google Books, Frowde - Publisher to the Oxford University, London, 23rd Edition, pages 123-124
  17. 17,0 17,1 17,2 William Lowe (Translator), Muntakhabu-t-tawārīkh, p. 296, på Google Books, Volume 1, pages 296-301
  18. Tarikh-I Firoz Shahi Ziauddin Barni, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, s. 233-234
  19. Elliot and Dowson (Translators), Táríkh-i Fíroz Sháh Ziauddin Barani, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, pages 609-611
  20. 20,0 20,1 20,2 Vincent A Smith, The Oxford History of India: From the Earliest Times to the End of 1911, p. 217, på Google Books, Chapter 2, s. 236-242, Oxford University Press
  21. Elliot and Dowson (Translators), Travels of Ibn Battuta Ibn Battuta, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, pages 609-611
  22. Henry Sharp (1938), DELHI: A STORY IN STONE, Journal of the Royal Society of Arts, Vol. 86, No. 4448, pp 324-325
  23. Elliot and Dowson, Táríkh-i Fíroz Sháhí of Ziauddin Barani, The History of India, as Told by Its Own Historians. The Muhammadan Period (Vol 3), London, Trübner & Co
  24. 24,0 24,1 Muḥammad ibn Tughluq Encyclopædia Britannica
  25. Tarikh-I Firoz Shahi Ziauddin Barni, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, s. 236-237
  26. 26,0 26,1 26,2 Tarikh-I Firoz Shahi Ziauddin Barni, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, pages 235-240
  27. Ross Dunn (1989), The Adventures of Ibn Battuta: A Muslim Traveler of the 14th Century, Berkeley: University of California Press, arkivert frå Excerpts originalen Check |url= value (hjelp) 24. august 2014 
  28. «Ibn Battuta's Trip: Chapter 7 - Delhi, capital of Muslim India», Travels of Ibn Battuta: 1334-1341, Berkeley: University of California, arkivert frå originalen 24. august 2014 
  29. Henry Sharp (1938), DELHI: A STORY IN STONE, Journal of the Royal Society of Arts, Vol. 86, No. 4448, s. 321-322, 325-326
  30. Hermann Kulke and Dietmar Rothermund, A History of India, (Routledge, 1986), 188.
  31. Advanced Study in the History of Medieval India av Jl Mehta s. 97
  32. A Social History of the Deccan, 1300-1761: Eight Indian Lives, by Richard M. Eaton s. 50
  33. 33,0 33,1 Vincent A Smith, The Oxford History of India: From the Earliest Times to the End of 1911, p. 217, på Google Books, Chapter 2, pp 242-248, Oxford University Press
  34. Sjå
    • M. Reza Pirbha, Reconsidering Islam in a South Asian Context, ISBN 978-9004177581, Brill
    • Richards J. F. (1974), The Islamic frontier in the east: Expansion into South Asia, Journal of South Asian Studies, 4(1), s. 91-109
  35. 35,0 35,1 Tarikh-I Firoz Shahi Ziauddin Barni, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, s. 241-243
  36. Vincent A Smith, The Oxford History of India: From the Earliest Times to the End of 1911, Oxford University Press, Chapter 2, s. 236-242
  37. Tarikh-I Firoz Shahi Ziauddin Barni, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, s. 239-242
  38. Domenic Marbaniang, «The Corrosion of Gold in Light of Modern Christian Economics», Journal of Contemporary Christian, Vol.5, No.1 (Bangalore: CFCC), August 2013, s.66
  39. John Keay (2000), India: A History, New Delhi: Harper Perennial, s. 269, buying back both the real and the counterfeit at great expense until mountains of coins had accumulated within the walls of Tughluqabad. 
  40. Cornelius Walford (1878), The Famines of the World: Past and Present, p. 3, på Google Books, s. 9-10
  41. Judith Walsh, A Brief History of India, ISBN 978-0816083626, pp 70-72; Quote: "In 1335-42, during a severe famine and death in the Delhi region, the Sultanate offered no help to the starving residents."
  42. 42,0 42,1 Jackson, Peter (1999). The Delhi Sultanate: A Political and Military History. Cambridge, England: Cambridge University Press. s. 296–309. ISBN 978-0-521-40477-8. 
  43. Elliot and Dowson (Translators), Tarikh-i Firoz Shahi Shams-i Siraj 'Afif, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, s. 271-273
  44. Elliot and Dowson (Translators), Tarikh-i Firoz Shahi Shams-i Siraj 'Afif, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, s. 290-292
  45. 45,0 45,1 45,2 Vincent A Smith, The Oxford History of India: From the Earliest Times to the End of 1911, p. 217, på Google Books, Chapter 2, pp 249-251, Oxford University Press
  46. Firoz Shah Tughlak, Futuhat-i Firoz Shahi - Memoirs of Firoz Shah Tughlak, Translated in 1871 by Elliot and Dawson, Volume 3 - The History of India, Cornell University Archives
  47. Firoz Shah Tughlak, Futuhat-i Firoz Shahi - Autobiographical memoirs, Translated in 1871 by Elliot and Dawson, Volume 3 - The History of India, Cornell University Archives, pp 377-381
  48. Elliot and Dowson (Translators), Tarikh-i Firoz Shahi Shams-i Siraj 'Afif, The History of India by its own Historians - The Muhammadan Period, Volume 3, Trubner London, s. 365-366
  49. Annemarie Schimmel, Islam in the Indian Subcontinent, ISBN 978-9004061170, Brill Academic, s. 20-23
  50. Jackson, Peter (1999). The Delhi Sultanate: A Political and Military History. Cambridge, England: Cambridge University Press. s. 304. ISBN 978-0-521-40477-8. 
  51. Hunter, Sir William Wilson (1909). «The Indian Empire: Timur's invasion 1398». The Imperial Gazetteer of India 2. s. 366. 
  52. Justin Marozzi (2004). Tamerlane: Sword of Islam, conqueror of the world. HarperCollins. s. 269–274. 
  53. William McKibben (1994), The Monumental Pillars of Fīrūz Shāh Tughluq. Ars orientalis, Vol. 24, s. 105-118
  54. Bloom, Jonathan (1995). The Art and Architecture of Islam 1250-1800. Yale University Press. ISBN 9780300064650. Henta 25 September 2017.