Tuhinjdalen
Tuhinjdalen | |||
dal | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Tuhinjdalen | |||
Wikimedia Commons: Tuhinj Valley | |||
Tuhinjdalen er ein dal i Slovenia mellom Celjebekkenet og Ljubljanabekkenet. Han går frå aust til vest langs elvane Nevljica og Motnišnica.
Den vestlege delen av elva vart forma av nedslagsfeltet til Neveljica, som renn ut i Kamniška Bistrica og den smalare, austlege delen av Motnišnica, ei sideelv til Savinja. Vasskiljet deira er ved Kozjakpasset 655 meter over havet mellom Cirkuše v Tuhinju og Špitalič. Dei største busetnadane i dalen er Laze v Tuhinju, Šmartno v Tuhinju og Motnik. Dei mange gamle busetnadane viser til at dalen var ei viktig gjennomfartsåre i mellomalderen.
Fram til midten av 1900-talet vart det drive gruvedrift etter brunkol i dalen nær Motnik. Dei siste åra har turismen så vidt vorte utvikla med kurstaden Snovik.[1].
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tuhinj Valley» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Tuhinj på Geopedia
- Informasjon om Tuhinjdalen Arkivert 2008-09-14 ved Wayback Machine.