Tukanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tukanen
Tukanen
Latinsk namn Tucana
Forkorting Tuc
Genitivsform Tucanae
Symbologi the Toucan
Rektasensjon 0 h
Deklinasjon −65°
Areal 295 kvadratgrader
nr. 48 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne α Tuc (2,87. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +25° og −90°

Tukanen (frå latin Tucana) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er eit av tolv stjernebilete som vart danna av Petrus Plancius seint på 1500-talet etter observasjonane til Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman. Tukanen var først nedteikna på ein 35 cm stor himmelglobus, laga i 1598 i Amsterdam av Plancius og Jodocus Hondius og var avbilda i stjerneatlaset Uranometria av Johann Bayer i 1603. Den franske oppdagaren og astronomen Nicolas Louis de Lacaille gav stjernene Bayernemning i 1756. Stjernebileteta Tukanen, Trana, Føniks og Påfuglen vart i lag kalla «Dei sørlege fuglane».

Tukanen er ganske lyssvakt og ingen av stjernene er meir lyssterke enn tredje storleikskorden. Den mest lyssterke er Alfa Tucanae med ein tilsynelatande storleiksklasse på 2,87. Beta Tucanae er eit stjernesystem med seks stjerner, medan Kappa er eit kvadruppeltsystem. Ein kjenner til fem stjerner i stjernebiletet som har eksoplanetar. 47 Tucanae er ein av dei mest lyssterke kulehopane på himmelen. Det meste av Den vesle magellanske skya ligg i stjernebiletet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tukanen

Koordinatar: Sky map 00h 00m 00s, −65° 00′ 00″