Tullan

Koordinatar: 59°12′57″N 17°41′21″E / 59.21583°N 17.68917°E / 59.21583; 17.68917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tullan
innsjø
Tullan vinteren 2008
Land  Sverige
Utløp Til Bornsjön
Høgd over havet 19,5 moh.
Lengd 1,95 km
Breidd 0,83 km
Areal 0,68 km²
Middeldjupn 6,6–11 m
Volum 5,05 millionar m³
Kystlengd1 5,5 km
Kart
Tullan
59°12′58″N 17°41′18″E / 59.216111111111°N 17.688333333333°E / 59.216111111111; 17.688333333333
Wikimedia Commons: Tullan
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Tullan er ein innsjø som ligg på grensa mellom kommunane Salem og Södertälje i landskapet Södermanland i Sverige. Tullan inngår i Bornsjöns naturreservat.

Sør for Tullan går motorvegen E20, og nord for innsjøen går den gamle Södertäljevägen (ein gong Gamla Göta landsväg). Ein vert minna om dette ved milepålen med teksten «3 MIL IFRÅN STOCKHOLM», som står i nærleiken av torpet Hagen, der ein liten bit av den gamle landsvägen er bevart. Milepålen vart sett opp på 1750-talet av landshøvdingen Theodor Ankarcrona, og vart renovert i 2004 av Salems Hembygdförening.

Kommunegrensa mellom Salem og Södertälje går midt over innsjøen. Tullan er ein forholdsvis djup innsjø, med særs god vasskvalitet. Ein art av kransalger lever i Tullan, noko som kjem av den gode vasskvaliteten. Drenering av innsjøen går til Bornsjön, som er reservevasskjelde for Stockholm. Tullan inngår i verneområdet til Bornsjön.

Omgjevnadane kring innsjøen består av kupert barskog med innslag av hällmarksskog og noko dyrka mark. Rundt utløpet er det parti med lauvsumpskog. Det er òg noko myrlandskap i området, som ved Getasjön på sørsida og ved Loringe i nord. I endane av sjøen er det større bestandar av særs gammal gran og furu. Ved Tullan hekkar dei mindre vanlege fugleartane fiskeørn og storlom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

59°12′57″N 17°41′21″E / 59.21583°N 17.68917°E / 59.21583; 17.68917