Tullingesjön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tullingesjön
innsjø
Tullingesjon 2008a.jpg
Tullingesjön mot sør mai 2008
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Tilsig Älvestaån, Tumbaån
Utløp Flottsbro kanal
Høgd over havet 0.7 moh
Lengd 3,4 km
Breidd 0,83 km
Areal 1,55 km²
Middeldjupn 9,8–30 m
Volum 16,4 millionar m³
Kystlengd1 8,940 km
Wikimedia Commons: Tullingesjön
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Tullingesjön er ein innsjø som ligg mellom Tullinge og Tumba i Botkyrka kommun sørvest i Storstockholm.

Tilløpet til Tullingesjön er Tumbaån og Älvestaån frå Tumbasida i vest. Tullingesjön har, sidan utgravinga av Flottsbro kanal på 1700-talet hatt samband med Mälaren, utløpet er i nord, via Flottsbro kanal til Albysjön, og vidare via Fittjaviken til Vårbyfjärden i Mälaren.

På Tullingesida ligg Tullinge kyrka og Tullinge gard. Stendalsbadet er ein populær badeplass, og ligg langs breidda ein dryg kilometer lengre nord. På sørsida av innsjøen går Huddingevägen og pendeltogbanen SödertäljeStockholmMärsta.

På Tumbasida, låglandet, ligg Vita villorna og Röda villorna, som opphavleg vart oppført for tilsette ved Seperator, seinare Alfa Laval, men er no utleigeleiligheiter disponert av Botkyrkabyggen.

Ved nordsida ligg Flottsbro, eit alpint vintersportssenter med ein 100 meter høg skibakke. Langs Tullingesjön går «utsiktsrundan», ein ca. fire km lang turløype med god utsikt over innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°12′57″N 17°52′27″E