Tumblebreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tumblebreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 69°57′S 69°20′W / 69.950°S 69.333°W / -69.950; -69.333
Lengd 13 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Tumblebreen
69°57′00″S 69°20′00″W / 69.95°S 69.3333°W / -69.95; -69.3333
Tumblebreen is located in Antarktis
Tumblebreen (Antarktis)

Tumblebreen er ein isbre som strekkjer seg langs austsida av Aleksanderøya i Antarktis. Han er 13 km lang og 6 km brei og flyt aust frå klippene av Mount Egbert, Mount Ethelwulf og Mount Ethelred i Douglas Range fram til vestsida av George VI-isen som ligg i George VI Sound like sør for Mount King. Isbreen vart først grovt kartlagt i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill. Han vart kartlagt på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey, og han fekk dette namnet av dei på grunn av den særs oppbrotne nedre delen av breen. Tumble tyder «slengt rundt» på engelsk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Tumble Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).