Tundra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tundra-vegetasjon i Alaska.

Tundra er eitt av hovudøkosystema eller biomanejorda. Han består av trelause område nord og sør for den polare skoggrensa. Omgrepet tundra kjem frå kildinsamisk, der det er genitivsforma av tundar, som tyder 'trelaus slette'.

Det er lite tundra på den sørlege halvkula fordi det er lite land på breiddegradene det er snakk om. Det meste av dette økosystemet ligg i Russland, Canada og Alaska.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Tundraen har som regel permafrost, og berre dei øvste jordlaga tinar om sommaren. Tele i undergrunnen hindrar drenering, slik at jorda blir vassmetta i vekstsesongen sjølv om nedbøren er liten. Våtmarker er svært vanlege på tundraen.

I sørvendte og lune hellingar kan ein finna krattskog av vier og bjørk. Ellers dominerer grasartar og starr. Tundraen har ein rik lavflora. Store pattedyr som rein, moskus, bjørn, ulv og fjellrev set preg på dyrelivet. Hare og smågnagarar som lemen er viktige byttedyr. Om sommaren finst ein rik fauna av hekkande trekkfuglar, særleg ender. Om vinteren er fuglelivet sparsamt, med rype, snøugle og jaktfalk som karakteristiske artar.

Få artar som er avhengige av det særskilde klimaet gjer tundraen særs sårbar for menneskeleg aktivitet og global oppvarming.

Klimatologi[endre | endre wikiteksten]

Tundraklima er ein type polarklima som i Köppens klimainndeling er kjenneteikna ved at middeltemperaturen for den varmaste månaden ligg mellom 0 og 10 °C. Klimasonen er utbreidd i den nordlegaste delen av Asia, Europa og Amerika, samt i nokre fjellområde, mellom anna i tropane. Svalbard og norske høgfjellsområde har tundraklima.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima(BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)