Tundrasædgås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tundrasædgås
Tundrasædgås
Tundrasædgås
Status
Status i Noreg: VU Sårbar[1]
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Stamme: Gås Anserini
Slekt: Anser
Art: Tundrasædgås A. serrirostris
Vitskapleg namn
Anser serrirostris

Tundrasædgås (Anser serrirostris) er ei mellomstor gås i slekta av grå gjæser som hekkar hovudsakleg i Sibir. Nokre par hekkar i Noreg.[2] Ho er ein trekkfugl og overvintrar i Europa og i søraustlege Asia. Tundrasædgåsa er nært i slekt med sædgåsa, dei to artane var tidlegare rekna som ein art.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Tundrasædgåsa skil seg lite frå sædgås i utsjånad og er marginalt mindre i storleik. Begge er noko mindre enn for eksempel grågås. Tundrasædgås har kroppslengde mellom 68 og 80 cm, vengespenn frå 142 til 160 cm. Hoer har minst kroppsmasse, ligg rundt 2,4 kilogram, hannfuglar veg frå 2 til 3.4 kg. Hovudet og halsen er mørk, sotbrun, oversida mellombrun. Dei øvre vengdekkarane er mørkebrune, som hos tundragås, men skil seg ved å ha smale kvite frynsar til fjørene. Oversida av halen er brun med kvite kantar, undersida av halen er kvit. Elles har fjørdrakta mønster som andre grå gjæser i Eurasia med kvit bakkropp. Nebbet er svart ved nebbrota og tuppen, med eit oransje band over midten; beina og føtene er òg lys oransje.

Den nært nærskylde kortnebbgåsa har lysare, gråblå øvre vengdekkarar, kortare nebb med rosa flekk i midten, og føtene er òg rosa.

Kontaktropet i flukt er høge tostavings tut, «hank-hunk» eller liknande, skarpare enn grågås og litt raskare enn sædgås, men tundrasædgås er skildra som mindre støyande enn andre grå gjæser.

Hekkehabitat ligg i opent våtmark ved innsjøar og elver over tregrensa.[2] Om vinteren beitar dei helst på dyrka mark. Føda i hekketida er gras, storr, urter, om hausten òg bær. Vintertid tar dei restar av avlingar som gulrøter, potet og bønner.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Tundrasædgås og sædgås er anerkjende som separate artar av American Ornithologists' Union og International Ornithologists' Union (IOC), men blir samla sett rekna som ein enkelt art av andre autoritetar. Sædgåsa og tundrasædgåsa divergerte for rundt 2,5 millionar år sidan og etablerte sekundærkontakt for ca. 60 000 år sidan, noko som resulterte i omfattande genstraum.[3]

Tundrasædgås har to underartar:

  • A. s. rossicus, Buturlin, 1933. Denne underarten hekkar på nordrussisk tundra frå Kaninhalvøya austover til Tajmyrhalvøya, mindre hekkebestandar finst òg i Noreg, Sverige og Finland. Overvintrar i Vest- og Sentral-Europa. Dei er mindre enn nominatforma, har stutt mørkt nebb med smalt, oransje band.
  • A. s. serrirostris, Gould, 1852. Populasjonen hekkar frå utlaupet av elva Lena i Russland og aust til Anadyrplatået i Tsjukotka, austlege Sibir. Overvintrar i austre Kina, på Koreahalvøya og i Japan.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Om lag 200–415 par av tundrasædgås hekkar i Noreg per 2015, dei fleste i Finnmark, men eit fåtal utgjer ein isolert populasjon på Hardangervidda og ein annan i Troms. Norske hekkefuglar overvintrar stort sett i Sør-Sverige.[2] Nokre svært få individ av tundrasædgås blir observerte vinterstid i Agder og Rogaland.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark tundrasædgås Anser serrirostris Gould, 1852 Henta 22. desember 2010
  2. 2,0 2,1 2,2 Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av tundrasædgås Anser serrirostris for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 22. desember 2021
  3. Ottenburghs, Jente; Honka, Johanna; Müskens, Gerard J. D. M.; Ellegren, Hans (26 May 2020). «Recent introgression between Taiga Bean Goose and Tundra Bean Goose results in a largely homogeneous landscape of genetic differentiation». Heredity (på engelsk) 125 (1–2): 73–84. ISSN 1365-2540. PMC 7413267. PMID 32451423. doi:10.1038/s41437-020-0322-z. 
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 22. desember 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]