Tuneskipet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tuneskipet.

Tuneskipet er leivningane etter eit vikingskip frå kring år 900. Skipet vart funne i ein gravhaug på garden Haugen på Rolvsøy, no ein del av Fredrikstad kommune i Østfold. Namnet «Tuneskipet» kjem av at Rolvsøy var ein del av Tune kommune då skipet vart funne.

Skipet er klinkbygt og i hovudsak gjort av eik. Gravhaugen det låg i, kalla «Båthaugen», vart utgrave av Oluf Rygh i 1867. Skipet hadde brotna sund og mykje mangla. Det kan ha vore inntil 22 m langt, 4,35 m breitt, og kan ha hatt elleve eller tolv par årar. Kjøllengda er ikring 14 m. Det er traust bygt, med eit kraftig kjølsvin.

Tuneskipet står utstilt i VikingskipshusetBygdøy i Oslo, saman med Osebergskipet og Gokstadskipet. Skipet er ikkje restaurert, men stilt ut om lag slik det var då det vart teke ut or gravhaugen.

Skipet er dendrokronologisk datert til om lag 910 e.Kr. Ein reknar med at gravlegginga gjekk føre seg 5–10 år seinare. Det har vore mykje utstyr i grava, slik ein såg under utgravinga av alle rustspora etter jernsaker. Men berre leivningane etter skipet hadde halde seg godt nok til å kunne bergast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tuneskipet
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.