Tunesteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den såkalla A-sida av Tunesteinen, som no er i Kulturhistorisk museum (Oldsaksamlinga) ved Universitetet i Oslo.
B-sida av Tunesteinen

Tunesteinen er ein bautastein frå eldre jarnalder med innskrift i eldre runer i vertikale rader på dei to breisidene, tidfesta til tida før eller kring år 400 e.Kr. Innskrifta er ein av dei lengste tekstane med eldre runer som er funnen.[1]

Runesteinen vart funnen i 1627, liggjande i steingarden kring kyrkjegarden ved Tune kyrkje i noverande Sarpsborg kommune i Østfold, og har truleg stått ein stad i det same området. Han er først omtalt i 1627, då han blei funnen innmurt i kyrkjegardsmuren kyrkja. I 1857 vart steinen flytt til Universitetets Oldsaksamling i Oslo. På steinen står ei av dei lengste kjende norske runeinnskriftene. Innskrifta er i klassisk urnordisk språk.

Sjølve steinen[endre | endre wikiteksten]

Øvste parten av runesteinen er vekke, og med dette slutten av teksten på den eine sida. Dessutan har tre av runeteikna i teksten på den andre sida skala av. Teksten har vore tolka litt ulikt av dei ekspertane som har hatt med han å gjere, men vert vanlegvis meint å gjelde eit arveoppgjer: Ein mann som har namnet Ví, gjer det kjent på den eine sida av steinen at han rista runene til minne om Vodurid, brødtryggjaren. På den andre sida av steinen gjer han det kjend at han overdrog eller vigsla steinen til Vodurid; tre døtrer førebudde gravølet, dei kjærlegaste (eventuelt «mest gudeborne») av arvingane.

Innskrifta[endre | endre wikiteksten]

Innskrifta er i det eldre runealfabetet og er:

ekwiwaRafter ·woduri
dewitadahalaiban:worahto[...]
[...]h:woduride:staina.    Også lese: [...]Rwodu--
þrijoRdohtriRdalidun
arbijasijosteRarbijano

Stader der delar av innskrifta er forsvunnen er sett i klammer. Det har vore usemje om kor mykje av innskrifta som er tapt, kva rekkjefølgje ein skulle lesa linjene og kva linjer som høyrer saman.

Tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Sophus Bugge 1891-1903[endre | endre wikiteksten]

Innskrifta har vore diskutert sidan 1821, men oppfattinga av lydverdien til runeteikna var mangelfull. Først i 1891 klarte Sophus Bugge å gje rett verdi til alle runene, og gav ei tolking ut frå dette. Denne reviderte han i 1903 til:

ek WīwaR after Wōðurīðē witaðahalaiban worahtō [rūnōR
(jah) sattō] (afte)R Wōðurīðē staina.
þrijōR dohtriR da‹i›liðun arbija si‹b›jōstēR arbijanō.
Jeg Wiw efter Wodurid Lags-Fælle forarbeidede Runerne
og satte efter Wodurid Stenen.
Tre Døtre delte Arven (som) de næmest beslægtede af Arvingerne.

Bokstavane i ‹ › er språklydar som han meinte var utelatne. Bokstavane i heva skrift mellom enkelte konsonantsamband er innskotsvokalar som eigentleg ikkje høyrer med til ordet.[treng kjelde]

Mykje av diskusjonen om steinen har fram til i dag kome til å dreia seg om forholdet mellom Wodurid, Wiw, døtrene og arvingane. Sophus Bugge meinte Wiw hogg runene og reiste steinen. Wodurid var krigsfellen hans. Døtrene var dei næraste arvingane, og dei delte arva.

Carl Marstrander 1930[endre | endre wikiteksten]

Fleire forskarar diskuterte denne innskrifta. Ei ny heilheitstolking blei gjeven av Carl Marstrander i 1930:

ek WiwaR after Wōðurīðē witadahalaiban worahtō [waru]
[me]R Wōðurīðe staina þiujōR dohtriR dāliðun,
arbija āsijōsteR arbijanō.
Jeg Wiw gjorde denne steingrav efter Wodurid, brødtryggeren.
Trellkvinnens døtre (dvs. mine trellbårne døtre) reiste denne stein over meg,
men arveølet holdt de mannlige arvinger som stod Åsen nærmest.

At dei «sto Åsen nærmest», betydde at dei stamma frå Odin. I norrøn tid hevda flere høvdingeætter å kunne føra slekta si tilbake til gudane.

Marstrander mente Wiw var Wodurid sin hovudarving og etterfølgjar. Dei trellborne døtrene reiste steinen, og dei næraste (mannlege) arvingane stod for arveølet og delte arva.

Ei innvending mot Marstrander si tolking var at Wodurid sjølv førte ordet på gravsteinen, noko som verka rart. Han meinte at døtrene var trellborne fordi han leste litt andre runeteikn, men har ikkje fått følgje av mange i dette. Det er også innvend at innskrifta ikkje kunne tolkast slik at det berre var mannlege arvingar.

Ottar Grønvik 1981-1998[endre | endre wikiteksten]

Ottar Grønvik gav ei ny tolking i 1981. Han har sidan hatt mindre revisjonar av sitt syn, og tatt omsyn til mykje av kritikken som blei reist. Dette er tolkinga hans etter siste revisjon i 1998:

ek WiwaR after Wōdurīdē witanda-halaiban
worahtō [runō(R)], [fal]h Wōdurīdē staina.
þrijōR dohtriR dālidun arbija, āsijōstēR arbijanō.
Jeg Wiw etter Wodurid, han som sørget for brødet,
virket runer, overdro steinen til Wodurid.
Tre døtre gjorde gravølet hyggelig, som de elskligste av arvinger.

Karakteristikken witanda-halaiban betyr ‘han som sytte for brødet’, dvs. at han dreiv garden godt og skaffa velstand til folket. Dette hadde også Marstrander kome fram til. At han overdrog steinen til Wodurid betyr at han i ei rituell handling vigde steinen til Wodurid.

Grønvik meiner Wiw mest sannsynleg var hovudarving, og arva saman med døtrene. Men han kan også tenke seg at berre døtrene var arvingar. I så fall har Wiw vore ein nær slektning eller ektemann til ein av døtrene, og har reist steinen og leia gravferdsseremonien.

Terje Spurkland 2001[endre | endre wikiteksten]

Jeg, Vi, til minne om Vodurid, brødherren, gjorde runer
Jeg overdro Vodurid steinen. Tre døtre forberedte gravølet, de kjærligste/mest gudebårne av arvingene

Tunesteinen kan slik Terje Spurkland les han tolkast som eit rettsdokument frå 400-talet. Eg-personen Vi vitner om at arveoppgjeret etter den avdøde Vodurid er gjennomført slik loven kravde, og at arvingane til Vodurid har fått arva. Når tre døtrer er nemnde, må ein forstå dette, som nemnd i tidlegare teoriar, som at Vodurid ikkje hadde søner som kunne arva han. Egpersonen kan ifølgje Spurkland for eksempel vera ein brorson av Vodurid.

Diskusjon[endre | endre wikiteksten]

Innskrifta på steinen er tolka som ei skildring av dei gravølsseremoniane som gav grunnlaget for arveoppgjerda, og med dette korleis arveoppgjerda skulle gå føre seg. Etter samanlikningar med mykje yngre rettsreglar har ein kome fram til at Ví er sonesonen til Vodurid, ettersom arvegodset må skiftast mellom han og døtrene til Vodurid.

Men Tunesteinen gjeld ikkje berre eit arveoppgjer innan ætta, slik teksten vanlegvis er tolka som, men òg den statusen Ví og døtrene oppnår etter at Vodurid er død. Vodurid vart kalla «brødtryggjaren» av di han har vore ein hovding eller småkonge som stod på god fot med guddomane og andre makter, til framgang og bløming for både ætta si og det folket han var hovding for. Formuleringa poengterer at Vodurid har hatt dei eigenskapane ein god hovding skulle ha med omsyn til verknaden av den kultisk aktiviteten han stod i brodden for som hovding. Han har soleis tryggja brødet i den meininga at det har vore gode tider på alle vis i dette distriktet medan han var hovding.

Tunesteinen stadfester difor ikkje berre at arvegodset vil verte (eller allereie er) skifta mellom sonesonen og døtrene til Vodurid i samsvar med gjeldande praksis. Steinen gjer det òg klårt for alle i distriktet at hovdingmakta og dei gode eigenskapane som var knytte til Vodurid, er ført vidare til Ví, som for framtida kjem til å verte ein like bra hovding og «brødtryggjar» for både ætta og for folket som forgjengaren hans hadde vore. Dessutan gjer steinen det klårt for alle at Vodurids døtrer har den statusen i ætta og i samfunnet som tilkjem døtrer i eit slikt høve som dette. Ettersom dei ifølgje teksten har stetta alle dei kultiske og rituelle krava som etter sed og skikk var stilte til dei i samband med gravølet, har gravølet vore ein kultisk og rettsleg gyldig seremoni. Ved at Ví har tileigna Vodurid steinen, tek han sin avlidne farfar til vitne og garantist for at alt er rett, og at det vil verte gjennomført.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Early Germanic Literature and Culture (ny utg.), Boydell & Brewer, 2004, ISBN 978-1-57113-199-7, doi:10.7722/j.ctt14brqg5.12, henta 14. februar 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Ei bok som mellom anna gjev oversyn over forskingssoga og dei ulike tolkingsframlegga er:

  • Grønvik, Ottar. 1981. Runene på Tunesteinen. Oslo, Bergen, Tromsø: Universitetsforlaget. ISBN 82-00-05656-2

Annan litteratur:

  • Sophus Bugge og Magnus Olsen: Norges Indskrifter med de ældre Runer I-III. Christiania 1891-1924. – Bind I (ved Sophus Bugge i hefte som kom 1891 og 1903.)
  • Carl Marstrander: Tunesteinen. Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap 4, 1930, s.294-358.
  • Gerd Høst. 1976. Runer. Våre eldste norske runeinnskrifter. Oslo. ISBN 82-03-08068-5 og ISBN 82-03-08069-3.
  • Ottar Grønvik. 1984. Runene på Tune-steinen. Doktordisputas Universitetet i Oslo 9. april 1983. Gerd Høst, Eyvind Fjeld Halvorsen, James E. Knirk, Erling Johansen og Ottar Grønvik. I Maal og Minne. ISSN 0024-855X.
  • James E. Knirk. 1991. En steinhoggerundersøkelse av Tunesteinen fra 1949, i Festskrift til Ottar Grønvik, s.102-109. ISBN 82-00-07550-8.
  • Ottar Grønvik, 1998. Enda en gang om Tuneinnskriften, i Maal og Minne 1998, s.35-40. ISSN 0024-855X / ISBN 82-521-5215-5.
  • Terje Spurkland. I begynnelsen var Futhark. Cappelen akademisk forlag, 2001. (Framstillinga av Spurkland sitt syn er gjort etter Gro Steinsland si innleiing i Voluspå, og andre norrøne helligtekster, 2003)
Nettstader