Tunge skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Foss kyrkje ligg i gamle Tunge skipreide. Ho vart bygd under tidleg mellomalder og namneforma vitnar om gammalt hopehav med Noreg.

Tunge (Tunga) skipreide var ei skipreide i nordre delen av Båhuslen. Ho femna om soknene Foss, Håby, Svarteborg, Tose og Aspång, men Tose og Aspång vart allereie før slutten av mellomalderen innlemma i Svarteborg.

Då heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Tunge skipreide vart omskipa til Tunge härad. I dag utgjer området dei sentrale delane av Munkedals kommun.