Tungetale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vekkelsesmøte

Å tale i tunger eller tungetale er nemningar brukte om uforståeleg tale som finn stad i religiøs samanheng. På latin og fleire andre språk blir det kalla glossolalia eller glossolali.

Historisk[endre | endre wikiteksten]

Ein ser ofte tungetale i samband med besetting eller profetisk henrykking der guddommen talar gjennom ein utvald, ofte for å gjeva varsel eller åtvaringar. Pythia ved orakelet i Delfi kom til dømes med spådommar under transe som så blei tolka av prestar.

I kristendommen[endre | endre wikiteksten]

Tungetale blir skildra i kristendommen, særleg i pinserørsla, som et bønespråk for dei som vil be med anden i tillegg til med tankar og ord. Tungetale blir då rekna som ein nådegåve gjeven av Gud, ved heilag-anden, til den enkelte kristne. Agnes Ozman blir rekna som den første som talte i tunger då pinsebevegelsen fekk gjennombrotet sitt tidleg på 1900-talet.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.