Tungtvann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørg-1 og Jan Steigen på scena under Quartfestivalen i 2016
Foto: Tore Sætre

Tungtvann er ei norsk hip hop-gruppe som vart skipa i 1998 og fekk namnet sitt i 1999. Gruppa er har følgjande medlem: Lars Audun Sandness («Poppa»-Lars), Jørgen Nordeng («Jørg-1») og Håvard Jensen («Jan Steigen»). Håvard Jensen kom med på turnear frå 2001. Gruppa har utmerkt seg som den første norske hip hop-gruppa som har slege igjennom med «dialekt-rap» og gav heile rap-miljøet i Noreg eit løft rett etter tusenårsskiftet.

Musikken[endre | endre wikiteksten]

Debutplata åt Tungtvann vart laga i studioet «Vemork» heime hos «Poppa»-Lars. Reinspikka Hip Hop (EP) kom først ut i 100 vinyleksemplar i 1999, men blei supplert med tre ekstra vinylopplag då dei fort vann ry blant musikkritikarar og publikum. Det kom òg ein CD-versjon som selde ca 8 000 eksemplar.

Den første CDen åt gruppa kom hausten 2000EMI records. Nord og ned vekte merksemd sjølv om gruppa alt hadde hatt prestigejobbar som til dømes på Quart-festivalen. Seinare har gruppa gjeve ut tre andre CDar, ein EP og ei rekke singlar, m.a. Pøbla saman med Terje Nilsen.

Om gruppa har hausta ros for sine plateutgjevingar, er dei kanskje meir akta for sitt livespel. I tillegg til Quart har dei spela på Kongsberg Jazzfestival, Roskilde-festivalen og Øya-festivalen og har vore husorkester hos Bård Tufte Johansen og Harald Eia i Åpen PostNRK fjernsyn. «Jørg-1» har søkt musikalsk samarbeid med andre, også utanfor hip hop miljøa. Ikkje berre med trubaduren og visesongaren Terje Nilsen, men òg med folk som gitaristen Lars Rasmussen og reggae-artisten Bjørn Jervås.

«Jørg-1» seier han er inspirert av litterære meistrar som Knut Hamsun og Aksel Sandemose når han skriv tekstane. Tungtvann har vore nominert til Spelemannsprisen og til Danish Hip Hop-Awards utan å ha vunne, men har elles vunne mange andre prisar og kåringar.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Reinspikka Hip Hop (EP, 1999, 2000)
  • Nord og ned (Album, 2000)
  • Mørketid (Album, 2002)
  • Påfyll (EP, 2002)
  • Velkommen til Tungtland (mixteip, 2004)
  • III: Folket bak nordavind (Album, 2004)
  • Velkommen til Tungtland 2 (mixteip, 2006)
  • Siste skanse (Album, 2006)
  • Bodø City (Singel, 2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]