Tungtvassaksjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tungtvassaksjonen var ein militær sabotasjeaksjon under andre verdskrigen for å sprenge Norsk Hydros fabrikk på Vemork ved Rjukan i Telemark. Fabrikken produserte tungtvatn som var viktig for tysk atomforskning og eventuell produksjon av atomvåpen. Vemork-stasjonen vart øydelagt 27. februar 1943. Hydro sitt anlegg låg framfor Vemork kraftstasjon, der Norsk Industriarbeidermuseum no held til.

Vemork kraftstasjon om vinteren.

Tungtvassaksjonen omfatta også Tinnsjøaksjonen, der jernbaneferga DF «Hydro» vart senka på Tinnsjø 20. februar 1944[1] for å hindre utskiping av tungtvasshaldig lut som vart produsert etter at fabrikken kom i gang igjen.

Vemork-anlegget vart bomba frå fly 16. november 1943 utan resultat, etter at tungtvassproduksjonen igjen var komen i gang. Produksjonen vart sidan flytta til Tyskland.

Operasjon Grouse og Operasjon Freshman[endre | endre wikiteksten]

Horsa glidefly vart brukt i den mislykka Operasjon Freshman som kravde 41 menneskeliv.

Det første forsøket på å øydelegge fabrikken vart gjort i november 1942. Planen hadde to operasjonar, den første var å sleppe lokalkjente norske fallskjermsoldatar som skulle fungere som en fortropp (Operasjon Grouse). Etter dei skulle det følge ei gruppe engelske ingeniørsoldatar i glidefly for å gå til åtak på sjølve fabrikken.

19. oktober 1942 vart den fire mann store gruppa frå Norwegian Independent Company no 1, seinare kalla Kompani Linge, sleppt over Telemark. Frå droppunktet måtte dei gå eit godt stykke på ski for å komme seg til Møsvatn, der dei skulle ta imot glideflya. Det vart derfor planlagt slik at de hadde rikeleg med tid.

19. november skulle dei britiske ingeniørsoldatane frå 1st British Airborne Division komme (Operasjon Freshman). To Halifax-bombefly som taua kvart sitt Horsa glidefly kom inn over Noreg. Det første trekket sirkla over målområdet, men måtte på grunn av dårleg sikt gjere vendereis. Over Rogaland tok begge flya til å ise. Sleparen rauk, og glideflyet styrta sør for Lysefjorden medan trekkflyet klarte å vende tilbake til England. Det andre trekkflyet kom i vanskar allereie ved innflyginga over norskekysten. Glidaren styrta ved Helleland, lensmannsgården, innanfor Egersund, medan trekkflyet styrta i Hæstadfjellet. Alle som var i trekkflyet omkom, medan dei overlevande i glidaren vart tatt med til Slettebøleiren på Bakkebø, utenfor Egersund, der dei vart avretta. I ettertid er det sett opp minnesmerker på Bakkebø og ein varde oppi fjellet der glidaren krasja. Av dei ni overlevande frå styrten ved Lysefjorden vart fem frakta til Grini, seinare avretta i Trandumskogen den 18. januar 1943. Fire vart frakta til Lagård fengsel i Stavanger, der dei vart torturert og avretta 24. november. Alle dei 14 overlevande frå styrten ved Helleland vart avretta allereie neste dag. Det var ingen overlevande frå det styrta bombeflyet. Til saman døde 41 i denne mislykka aksjonen.[2]

Den norske Grouse-gjengen måtte deretter vente ei lengre tid på skjulestaden sin på Hardangervidda. Der overlevde dei i hovudsak på reinsdyr, inkludert mageinnhald som dei varma opp under tilnamnet «gørr». Dette vart supplert med smør, mjøl, sukker og litt potetar etter jul.[3]

Operasjon Gunnerside[endre | endre wikiteksten]

Den britiske overkommandoen var klar over at Grouse hadde overlevd, og avgjorde å bygge vidare på denne gruppa ved å sende inn seks nye norske fallskjermsoldatar fra Norwegian Independent Company no 1. Desse landa i fallskjerm på Hardangervidda i februar 1943. Dei slo seg saman med Grouse. Natt til 28. februar 1943 tok ni av dei seg fram til Våer, forserte juvet med den islagte elva Måna. Dei tok seg fram til fabrikken langs jernbanesporet, eit område som ikkje var minelagt. Mens dekningspartiet haldt vakt, trengte sprengingspartiet inn i tungtvassanlegget og sprengte tungtvasscellene. 900 kg tungtvatn (inklusive produksjonstap) vart øydelagt. Dei to som hadde blitt igjen i fjellet kunne då gje beskjed til leiinga i London om at oppdraget var svært vellykka. Forpartiet vart igjen på vidda, medan sprengingspartiet gjekk på ski til Sverige. Aksjonen vart gjennomført utan at sabotørane løyste skot.[4]

Dette blir av mange rekna som den viktigaste og mest vellykka sabotasjeaksjonen under heile andre verdskrigen. «Vi hadde flaks. Absolutt flaks, men også svært god etterretning om målet,» sa leiaren Joachim Rønneberg 70 år etter. Rønenberg visste ingenting om tungtvatn då dei utførte oppdraget, først etter nyheita om atombombene over Hiroshima og Nagasaki forstod han kva oppdraget hadde å seie.[5] Professor Olav Njølstad tviler på at tungtvatnet ville hatt noko militær tyding så lenge krigen varte - tyskarane ville neppe klart å utvikle ei atombombe i løpet av krigen, men etteretningsbiletet var uklårt og dei allierte hadde grunn til å vere bekymra.[6]

Senkinga av D/F «Hydro»[endre | endre wikiteksten]

DF «Hydro» ved Mæl ferjekai

Etter eit par månedar vart produksjonen sett igang igjen, og då dei allierte fekk nyss om dette, planla dei eit nytt angrep. I november 1943 gikk 143 B-17 bombefly laus på anlegget, men minst 600 av de totalt 711 bombene bomma radikalt. Dette stoppa likevel produksjonen ei lita stund.

Alt tungtvatn var likevel ikkje tapt for tyskarane. Dette tungtvatnet vart transportert til Mæl ferjekai under strengt vakthald for transport med jernbaneferja D/F «Hydro» over Tinnsjøen til jernbanesamband med resten av Noreg. Motstandsfolk frå Heimefronten leita etter eit høve til å hindre at tyskarane fekk sendt resten av tungtvatnet til Tyskland, og dei fann ut at ferja var eit svakt punkt i tryggleiken.

20. februar 1944 vart D/F «Hydro» sabotert ved at dei plassere ei tidsinnstilt bombe i ferja. Ferja sokk og vart liggande på 440 meters djup. 14 nordmenn og fire tyskarar omkom i senkinga av D/F «Hydro».

Det er blitt gjennomført ei stor undersøking av vraket i nyare tid. Ein ville fina ut om tønnene som overlevde sprenginga av ferga og framleis inneheldt tungtvatn etter over 60 år på botn av Tinnsjøen. Ein greide å heise opp eit fat, nummer 26, frå lasta på ferja. Det viste seg at innhaldet var kalilut med ein konsentrasjon på 1-2 % tungtvatn. Kalilut er utgangspunktet for destilasjonsprosessen som blir brukt for å produsere tungtvtnn. Det var destilasjonsanlegget som vart øydelagt i sabotasjeaksjonen på Vemork.

Deltakarane i aksjonane[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjon av sprengningspartiet i aksjon.
Agenten på innsida av tungtvassfabrikken
Einar Skinnarland
Grouse/Swallow
Jens-Anton Poulsson (Leiar av Operasjon Grouse)
Arne Kjelstrup (Nestkommanderende)
Knut Haugland (Radiotelegrafist)
Claus Helberg
Gunnerside
Joachim Rønneberg (Leiar av Operasjon Gunnerside)
Knut Haukelid
Fredrik Kayser
Kasper Idland
Hans Storhaug
Birger Strømsheim
(Leif Tronstad) (i Storbritannia, planleggar)
Tinnsjøaksjonen
«Bonzo» alias Knut Haukelid
Rolf Sørlie (frå den lokale motstandsrørsla)
Einar Skinnarland (radiooperatør)
Gunnar Syverstad (labratorieassistent på fabrikken)
Kjell Nielsen (transportleiar på fabrikken)
(«Larsen») (ingeniør på fabrikken)
(NN) (skaffa bil og var sjåfør)

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Det er spelt inn to kinofilmar om tungvassabotasjen på Vemork: den norske, delvis dokumentariske spelefilmen Kampen om tungtvannet frå 1948 og det britiske actioneventyret Heltene fra Telemark (The Heroes of Telemark) frå 1965. I den norske versjonen er det fleire av skodespelarane som speler seg sjølv.

I 2015 viste NRK tv-serien Kampen om tungtvannet, som handlar om sprengninga av tungtvassanlegget på Rjukan i Telemark i 1943.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SNL.no. Sist endret: 16.03.2009. Lest: 22.04.2011.
  2. Forskning.no: Tungtvannsaksjonen som mislyktes, arkivert frå originalen 21. august 2011, henta 6. januar 2015 
  3. Poulsson, Jens-Anton (2012). «Opptakten». Tungtvannssabotasjen. Nova Forlag. s. 114, 116, 120–123, 125. ISBN 8205141630. 
  4. Aftenposten, 24.2.2013, s.22-23.
  5. Aftenposten, 24.2.2013, s.22-23.
  6. Aftenposten, 24.2.2013, s.22-23.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Haukelid: Kampen om tungtvannet – Nasjonalforlaget, Oslo, 1953
  • Thomas Gallagher: Assault In Norway: Sabotaging the Nazi Nuclear Program – Harcourt Brace Jovanovich, New York, 1975
  • Jens-Anton Poulsson: Aksjon Vemork : vinterkrig på Hardangervidda – Gyldendal, Oslo, 1982
  • Jomar Brun: Brennpunkt Vemork : 1940 – 1945 – Universitetsforlaget, Oslo, 1985
  • Richard Wiggan: Operation Freshman : The Rjukan heavy water raid 1942 – Kimber, London, 1986
  • Dan Kurzman: Blood and Water – Henry Holt, New York, 1997
  • Ray Mears: The real heroes of Telemark – Hodder & Stoughton, London, 2003
  • Jostein Berglyd: Operasjon Freshman : Forløp og etterspill – Vigmostad & Bjørke, Bergen, 2005
  • Jens-Anton Poulsson: Tungtvannssabotasjen – Orion, Oslo, 2006
  • Rune Borgan Isaksen: I sabotørenes fotspor ESMA Forlag, Lalm, 2010
  • Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren, Aschehoug, Oslo, 2011
  • Jack Rostøl og Nils Helge Amdal: Kasper Idland, fra krig til kamp Commentum forlag, Sandnes, 2011
  • Asgeir Ueland (2013). Tungtvannsaksjonen : Historien om den største krigsoperasjonen på norsk jord. Gyldendal. ISBN 9788205430372. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]