Tunis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tunis
by
Land  Tunisia
Areal 212 630 000 km²
Folketal 602 560 (1. januar 2022)[1]
Kart
Tunis
36°48′3″ N 10°10′48″ E
Wikimedia Commons: Tunis

Tunis (arabisk تونس, Tūnis) er hovudstaden i Tunisia. Han ligg nær middelhavskysten i den nordlege delen av landet. Talet på innbyggarar er berekna til 767 000 ie år 2010, med 2,4 millionar innbyggarar i heile storbyområdet. Tidlegare vart namnet Tunis feilaktig nytta om heile Tunisia.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tunis ligg ved Tunissjøen, ei grunn lagune. Sentrum i Tunis med den historiske gamlebyen (medina) og nybyen, den siste oppbygt under kolonitida, ligg mellom Tunissjøen og innsjøen Sebkhet Sedjoumi. Kring bysenteret ligg dei indre forstadene; i vest villa- og regjeringskvartalet Le Bardo med mange ulike museum, i nord kvartalet Belvédère-Hügel og dei nyare bustadområda El Menzah og Ariana, i sør industriområda Megrine og Ben Arous. Under kolonialtida bygde franskmennenene ei 10 km lang bybane over Tunissjøen, ei vidareføring av Avenue Habib Bourguiba midt i gamlebyen heilt fram til hamnebyen La Goulette. Nord for La Goulette strekker forstadene Qartāj, med den internasjonale lufthamna, og Sidi Bou Said, La Marsa og Gammarth langsved kysten. Badebyen Hammam-Lif ligg i søraust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tunis, på gresk Tynes,[3] vart grunnlagd av fønikarar[4] og er truleg eldre enn Kartago, som byen låg under.[2] Då Kartago vart øydelagd i år 146 f.Kr., vart også Tunis lagt i ruinar. Byen vart bygt oppatt av romarane under namnet Thuni, som seinare vart til Tunes.[3] Fyrst etter arabarane erobra byen, vart han økonomisk og politisk makt.[2] Han var landingsplass for pilgrimar frå Andalusia til Kairouan, og ein av dei aghlabidiske fyrstane sine residensstader.[2] På 900-talet vart Tunis fleire gonger plyndra, då fatimidar låg i strid mot sunnittar.[2] På 1200-talet var byen eit viktig sentrum i hafsidane sitt rike.[3]

År 1534 vart Tunis ein del av det ottomanske riket, og mellom 1535 og 1569 samt 1573-74 høyrde det til Spania.[4] I 1705 gjorde beyen av Tunis byen de facto-sjølvstendig frå ottomanarane[4] og grunnla eit lokalt dynasti.[5] Etter at Frankrike invaderte Tunisia i 1881 vart byen sete for ein fransk generalguvernør. Under 2. verdskrigen okkuperte Tyskland byen vinteren 1942-1943.[4] År 1956 vart byen hovudstad i det sjølvstendige Tunisia.[4]

Næringsliv og kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Tunis er det store handels- og industrisenteret i Tunisia;[6] halvdelen av industrien ligg i og ikring byen. Framstilling av kjemikaliar,[6] sement,[6] konserves[6] og tekstilar er store næringar. Ei anna viktig næring er turisme,[6], mellom anna til dei helsebada som finst.[3] Frå hamnebyen La Goulette, som har samband med Tunis via ein kanal, går transportar ut i Middelhavet og vidare ut i verda. Tunis har flyplass med utlandsruter.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.citypopulation.de/en/tunisia/cities/.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Tunis i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1920)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Tunis». Nationalencyklopedin. Henta 12 oktober 2010. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Ådne Goplen. «Tunis – historie». Store norske leksikon. Henta 5 oktober 2010. 
  5. Thomas Benjamin (red.): Encyclopedia of Western Colonialism Since 1450, Macmillan Reference USA, Detroit 2007 (eng), s. 495. ISBN 0-02-866085-4. Libris 11360353. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 «Tunis». Store norske leksikon. Henta 5 oktober 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tunis