Tuonela-svana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tuonela-svana (fi. Tuonelan joutsen eller Tuonen joutsen) er ei svane frå finsk mytologi som blir skildra i Kalevala. Ho sym i Tuonela-elva, og den som skyt på denne svana må døy. Forteljinga om lagnaden til den som skyt på svana heng saman med austersjøfinnanes førkristne verdsbilete, der svana var heilag og tabu. Dei trudde at den som skaut ei svane sjølv måtte døy.

Tuonela-svana i kunsten[endre | endre wikiteksten]

Akseli Gallen-Kallelas måleri Lemminkäisen äiti.

Eino Leino skreiv i 1896 Tuonelan joutsen, eit nyromantisk versedrama, som kombinerer symbolisme og folkedikting.

Akseli Gallen-Kallela tok Tuonelas svane med i bakgrunnen i det berømte måleriet sitt Lemminkäisen äiti «Lemminkäinens mor», der ho får henta Lemminkäinen attende frå Tuonela-elva, med å fiske opp beina hans og setje dei saman att.

Sibelius har kalla sats to i Lemminkäinen-seria si (opus 22) for Tuonelan joutsen. Satsane har alle emne frå Kalevala (1. Lemminkäinen ja saaren neidot, 2. Tuonelan joutsen, 3. Lemminkäinen Tuonelassa 4. Lemminkäisen kotiinpaluu)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]