Hopp til innhald

Turøyna

Turøyna
Geografi
StadStrilelandet
Koordinatar60°26′49″N 04°54′54″E / 60.44694°N 4.91500°E / 60.44694; 4.91500
Høgaste punktTurøyvarden (74,51 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeVestland
Demografi
Folketal132 (2023)

Turøyna er ei øy i Øygarden kommune, nordvest for Sotra i Vestland. Øya ligg om lag 40 kilometer nordvest for Bergen med bil. Grensa mellom dei tidlegare kommunane Øygarden og Fjell kommune gjekk gjennom sundet som skil Turøyna og Toftøyna. Fram til 1964 høyrde Turøyna med til dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst, og Turøy gjekk til liks med naboøya Misje inn i Fjell kommune. I gamal tid var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen.

Turøyvarden står på det høgste punktet på Turøyna, 74,51 meter over havet. Frå varden er det fritt utsyn i alle retningar. Varden er frå 1896, murt i gråstein og tjærebredd. Den er vel fem meter høg og har sirkelform, er synleg langt til havs og er eit godt sjømerke. Det kan ha vore varde her tidlegare. I 1991 fekk Turøyna bru. Kort tid etter at Turøybrua vart tatt i bruk vart butikk, skule og postkontor lagt ned. Postadressa er 5365 Turøy. Turøyna har 132 innbyggjarar (2023).

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 1950[3] 2000[4] 2023[4]
18 97 182 100 132

Turøyna er ein god stad for fuglekikking, og Universitetet i Bergen hadde ein periode fuglestasjon på øya. Krigshelten Leif Andreas Larsen starta si første reise over Nordsjøen under andre verdskrigen frå Turøy, med motorkuttaren Motig 1.

  1. Folketeljing 1801 for Manger prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Herdla herred, frå Digitalarkivet
  3. Halvor Skurtveit et al. (red.), Fjell bygdebok, bd. III (Fjell kommune, 2006)
  4. 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]