Turaif
Turaif | |||
طريف | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Den nordlege grenseregionen | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 48 929 (2010) | ||
![]() Turaif | |||
Turaif (arabisk طريف) er ein by i Den nordlege grenseprovinsen (òg kjend som Al-Hudud ash Shamaliyah) i Saudi-Arabia, nær grensa til Jordan. Turaif ligg i ein sving langs Hovudveg 85, der denne svingar vestover mot Jordan. Turaif er ein av byane i regionen som har oppstått på grunn av den internasjonale oljerøyrleidninga som går gjennom området.
Turaif lufthamn ligg kring 5 km frå byen og har daglege ruter til Riyadh.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Turaif har eit tørt klima med heite somrar og kjølige vintrar. Det er ikkje uvanleg med frost om vinteren, og det kan falle snø. Turaif innehar kulderekorden for Saudi-Arabia (og ein av dei lågaste målingane i Midtausten), med -12 °C. Dette slår Amman sin rekord på -10 °C, og er berre tre grader bak rekorden til Teheran på -15 °C.
Klimadata for Turayf i Saudi-Arabia | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Varmerekord °C | 25 | 28 | 33 | 42 | 44 | 44.5 | 45 | 45 | 45 | 39 | 32 | 26 | 45 |
Normal maks. temp. °C | 13 | 16 | 20 | 26 | 31 | 35 | 37 | 38 | 35 | 28 | 20 | 15 | 26,2 |
Normal min. temp. °C | 1 | 3 | 6 | 11 | 15 | 19 | 20 | 21 | 18 | 13 | 7 | 3 | 1 |
Kulderekord °C | -12 | -9 | -7 | -4 | 0 | 8 | 12 | 15 | 9 | -1 | -8 | -10 | −12 |
Nedbør (mm) | 7.8 | 9.1 | 5.4 | 10.6 | 5.5 | 0 | 0 | 0 | 0.4 | 0.9 | 12.6 | 14.3 | |
Kjelde: Weather Reports |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Turaif» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: