Turbinskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
TS «Turbinia», 1894, det første turbinskipet i verda.

Turbinskip er skip som vert drive med turbinar, som regel dampturbinar. Forkortinga er TS eller T/S.

Det første turbindrivne fartøyet, TS «Turbinia», vart bygt av C.A. Parsons i Storbritannia i 1894. Det gjorde 35 knops fart og fekk stor merksemd. TS «Mauretania» og TS «Lusitania» (1907) var dei første turbindrivne passasjerskipa.

Dampturbin er stadig einerådande ved effektar over kring 40 000 hestekrefter (30 000 kW) og vert derfor nytta på mange store tankskip og hurtiggåande containerskip. Gassturbinar er enno lite brukt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«turbinskip» (30. november 2019) i Store norske leksikon, snl.no.