Turgut Özal
Turgut Özal | |
![]() | |
Fødd | 13. oktober 1927 Malatya |
---|---|
Død | 17. april 1993 (65 år) |
Statsborgar av | Tyrkia |
Parti | ANAP |
Yrke | politikar, ingeniør |
Utdanna ved | Istanbul Tekniske Universitet |
Ektefelle | Semra Özal |
Barn | Ahmet Özal |
Verv | Tyrkisk statsminster 1983-1989 |
Føregangar | Bülend Ulusu |
Etterfylgjar | Yıldırım Akbulut |
Verv | Tyrkisk president 1989-1993 |
Føregangar | Kenan Evren |
Etterfylgjar | Süleyman Demirel |
Halil Turgut Özal (13. oktober 1927–17. april 1993) var ein tyrkisk liberal politisk leiar, statsminister og den åttande presidenten av Tyrkia. Då partiet hans, Moderlandspartiet (ANAP) vann parlamentsvalet i 1983 vart han den tredje demokratisk valde leiaren i tyrkisk historie etter Adnan Menderes og Süleyman Demirel. Som statsminister og frå 1989 president omforma han den tyrkiske økonomien ved å privatisere mange statlege føretak. Dette betra forholda til den vestlege verda, særleg til USA. I 1991 tok han personleg initiativ til Tyrkia sin medverknad i koalisjonen mot Irak under Golfkrigen.