Turid Øversveen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turid Øversveen
Fødd 30. januar 1953 (69 år)
Yrke filmprodusent, programleiar

Turid Øversveen (fødd 30. januar 1953) er ein norsk filmprodusent og programleiar.

Programleiar på TV[endre | endre wikiteksten]

For NRK jobba ho med Ivar Dyrhaug i barneprogrammet Halvsju frå 1980 til 1982. Etter eit kortvarig virke i Janco Vision i 1983 og Radio Motor med blant andre Tande P. i 1984, leidde Øversveen saman med Rita Westvik TV-programmet Lørdagssirkuset hausten 1985. I 1986 leidde ho Nitimen, og dessutan innsamlingsaksjonar som Røde fjær for kreftsaka med Odd Grythe, før ho leidde Blikkbåx på NRK med Bjarte Ytre-Arne . Med Øystein Bache leidde ho prateprogrammet Hotell i 1990. For NRK2 deltok ho i Direkte lykke. Med Frode Alnæs fann ho 15 000 norske fadrar for TV 2-aksjonen Ei hand å holde i i 1997.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Øversveen byrja i reklamebyrået New Deal med Håkon Øverås for å produsera reklamefilmar. Dei fekk prisar for ein reklamefilm for VG og Gullruta for Gullfisken-promoen «Bohem» i 1999, saman med Hans Petter Moland, Ingvar Moi, Eivind Moe og Ivar Vereide. Året etter fusjonerte byrået med Marius Holst og Pål Sletaune til reklame- og spelefilmbyrået 4 1/2 Film.[1] Spelefilmdebut hennar var Amatørene i 2001.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Øversveen er gift med skodespelaren Bjørn Floberg.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Amatørene
  • 2002: Øyenstikker
  • 2003: Arven
  • 2003: Dogville
  • 2005: Naboer
  • 2007: Vinterland
  • 2008: Lønsj
  • 2011: Babycall
  • 2012: Uskyld

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Delteke på[endre | endre wikiteksten]

  • Siemens: Hus har vinduer (1984)
  • Radio Aktiv: Radio Aktiv – Glade låter (1988)
  • Fag og kultur: Fra saga til CD 9A og 9B (1998)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå profil på Internet Movie Database

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]