Turid Birkeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turid Birkeland
William, Roger og Turid (cropped).jpg
Fødd 5. november 1962

Haugesund

Død 24. desember 2015
Oslo
Ei ung Turid Birkeland (t.h.) saman med William Engseth og Roger Ingebrigtsen i 1985
Foto: Troms Arbeiderparti

Turid Birkeland (fødd 5. november 1962 i Haugesund, død 24. desember 2015 i Oslo)[1] var ein norsk politikar frå Arbeiderpartiet.

Turid Birkeland var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Thorbjørn Jagland si regjering frå 25. oktober 1996 til 17. oktober 1997.

I perioden 1986 til 1989 var Turid Birkeland fast møtande vararepresentant på Stortinget. Ho var leiar for AUF i åra 1989-1992. Ho var leiar for Ja-aksjonen for norsk EU-medlemskap i 1994.

Turid Birkeland skreiv bøker, og arbeidde for LO sitt kontor i Brüssel. Ho arbeidde elles mellom anna som kultursjef i NRK og programleiar i kulturavdelinga i NRK. Ho leia programmet «Silikonfri sone» på TVNorge, og var også programleiar på TV+ i 1995, i tillegg til verv som leiar for programrådet i P4. Ho var også leiar for Kammermusikkfestivalen i Risør. Frå 2008 var Turid Birkeland seniorrådgjevar i Telenor.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Turid Birkeland og Sigurd Sandvin. Alle fakta på bordet. Oslo, 1992 EU-fakta
  • Stockholm - Din guide til storbyen!. Damm, 2001 ISBN 82-517-8792-0
  • London - Din guide til storbyen!. Damm, 2005. ISBN 82-496-0701-5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Turid Birkeland er død». NRK. 25. desember 2015. Henta 25. desember 2015.