Turid Dørumsgaard Varsi
Turid Dørumsgaard Varsi | |||
Fødd | 3. juni 1938 (86 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Turid Dørumsgaard Varsi (fødd 3. juni 1938) er ein norsk lærar og politikar frå Tinn i Telemark. Ho representerte Telemark og Arbeidarpartiet i Stortinget perioden 1977-81.
Turid Dørumsgaard var lærar 1958-60 i Finnmark, fyrst i Polmak og deretter Skiippagurra. Ho utdanna seg så ved lærarskulen på Sagene i Oslo. Frå 1962 var ho tilsett ved Høydalsmo barne- og ungdomsskule i Tokke kommune til 1971, både som inspektør og sidan rådgjevar. 1976 tilsett som pedagogisk sekretær ved skulekontoret i Tokke. Åra 1981-84 var ho pedagogisk rettleiar ved Stavanger skolekontor. I 1984 flytta ho tilbake til Tokke og underviste i skulen til 2003, dei aller fleste åra på Høydalsmo.
Turid Varsi var medlem 1972-75 i Tokke kommunestyre. Ved stortingsvalet 1977 stod ho andreplass på Telemark Arbeidarparti si valliste. Dermed var ho sikra sete i Stortinget. På Tinget var ho medlem i Kyrkje-og undervisningskomiteen. Ho vart ikkje renominert i 1981 og forlet rikspolitikken. 1995-2003 var ho på ny medlem i kommunestyret i Tokke.
Varsi hadde frå tidleg 1960-tal og dei neste dryge førti åra mange titals styre- og leiarverv i ulike organisasjonar, både i privat og offentleg verksemd.