Turn It On Again
Turn It On Again Singel av Genesis frå albumet Duke | ||
B-side | «Behind the Lines» (Edit) | |
---|---|---|
Utgjeve | 8. mars 1980 (UK), august 1980 (USA) | |
Innspelt | Hausten 1979 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 3:50 | |
Selskap | Charisma Records, Atlantic (US & Canada) | |
Låtskrivar(ar) | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Produsent | Genesis, David Hentschel | |
Genesis-kronologi | ||
«Many Too Many» (1978) | Turn It On Again | «Duchess» (1980)
|
«Turn It On Again» er ein singel av det britiske bandet Genesis frå albumet Duke frå 1980. Singelen nådde åttandeplassen i Storbritannia.[1]
Teksten, som var skriven av Mike Rutherford,[2] omhandlar ein mann som berre sit heime og ser på fjernsyn, og vert så besett av folka han ser på skjermen at han trur dei er venene hans.
Songen har ein kompleks rymtisk struktur som er uvanleg for popmusikk. Verset og refrenget byter takt frå 6/4 til 7/4 (13/4),[3] medan introduksjonen og mellomspelet er i 4/4 og 5/4 (9/4).
«Turn It On Again» vart mykje spelt på konsertane til Genesis og samlealbumet deira frå 1999, Turn It On Again: The Hits, er kalla opp etter songen, og det same var turneen deira i 2007, Turn It On Again: The Tour.
«Turn It On Again» har vorte nytta som musikk i ein reklame for General Motors. Han er òg med i spelet Grand Theft Auto: Vice City Stories. Songen vart spelt av Dream Theater på albumet A Change of Seasons.
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Phil Collins - trommer, perkusjon, solovokal
- Tony Banks - klaverinstrument, korvokal
- Mike Rutherford - gitar, bassgitar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Turn It On Again» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.
- ↑ Prasad, Anil. «Genesis: Turning it on again». Innerviews. Henta 17. oktober.
- ↑ Genesis (2001). The Genesis Songbook (DVD). Eagle Rock Entertainment. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.