Tusk av Fleetwood Mac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tusk
Studioalbum av Fleetwood Mac
Utgjeve 12. oktober 1979[1]
Innspelt 1978–79 i The Village Recorder i Los Angeles i California
Sjanger Rock, pop, eksperimentell rock
Lengd 74:35
Selskap Warner Bros.
Produsent Fleetwood Mac, Richard Dashut, and Lindsey Buckingham
Fleetwood Mac-kronologi
Rumours
(1977)
Tusk Live
(1980)
Singlar frå Tusk
  1. «Tusk»
    Utgjeve: september 1979
  2. «Sara»
    Utgjeve: desember 1979
  3. «Not That Funny»
    Utgjeve: februar 1980 (UK)
  4. «Think About Me»
    Utgjeve: mars 1980
  5. «Sisters of the Moon»
    Utgjeve: juni 1980 (USA)
  6. «Angel»
    Utgjeve: juli 1980 (USA)
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg [2]
Rolling Stone (positiv) [3]
Robert Christgau (B+) [4]
Smash Hits 9/10[5]

Tusk er det 12. albumet til det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac. Det kom ut i 1979 og vart rekna som eksperimentelt, særleg fordi Lindsey Buckingham skreiv songar med enklare arrangement påverka av punkrock og new wave. Bassisten John McVie har sagt om albumet at det høyres ut som «verket til tre soloartistar» (Buckingham, Stevie Nicks og Christine McVie), medan Mick Fleetwood seinare hevda at det var favorittalbumet hans og det beste Fleetwood Mac spelte inn i studio. Det kosta over ein million dollar å lage og var til då det dyraste rockealbumet som var laga.

Tusk nådde fjerdeplassen i USA og låg fem månader inne på topp 40. Det selde til dobbel platina for to millionar selde eksemplar.[6] Det nådde førsteplassen i Storbritannia og selde til platina der for 300 000 selde eksemplar[7]. To av singlane frå albumet nådde topp 10 i USA, tittelsporet (US #8/UK #6) av Buckingham, og «Sara» (US #7/UK #37) av Stevie Nicks. Andre singlar frå albumet var «Not That Funny» (berre i Storbritannia), «Think About Me» og «Sisters of the Moon», som var mindre suksessrike. Dei to sistnemnde er med i singelversjonane sine på samleplata The Very Best of Fleetwood Mac. «Sara» vart korta ned til 4½ minutt for både singelen og den første CD-utgåva av albumet, medan den uredigerte versjonen har vore nytta på Greatest Hits-albumet i 1988 og 2004-utgåva av Tusk. Den originale gitaristen i bandet, Peter Green, var òg med på innspelinga av Tusk, men spelinga hans på Christine McVie-songen «Brown Eyes» er ikkje omtalt på plateomslaget.[8] Ein alternativ versjon av songen (som er kring 30 sekund lenger) kom med på 25 Years – The Chain og ein kan då enkelt høyre den særeigne gitaren til Green, særleg mot slutten av songen.

Sjølv om albumet selde 4 000 000 eksemplar verda over og vart nominert til ein Grammy-pris i 1981, vart det samanalikna med det enorme salet til Rumours og den særs dyre innspelinga, av plateselskapet rekna som ein fiasko, og la skulda på Buckingham.[9] Fleetwood meiner at det dårlege salstalet kom av at radiokjeda RKO spelte heile albumet før det kom ut, slik at folk kunne ta det opp på lydband.[10] I tillegg var Tusk eit dobbeltalbum, som dermed var dyrare enn vanlege album.

Bandet la ut på ein 18 månadar lang turné for å marknadsføre Tusk. Dei reiste verda over, inkludert USA, Australia, New Zealand, Japan, Frankrike, Belgia, Tyskland, Nederland og Storbritannia. Det var på denne turneen dei spelte inn musikken som kom ut på Fleetwood Mac Live i 1980.

I 2013 rangerte NME Tusk på 445.plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Over & Over»   Christine McVie 4:35
2. «The Ledge»   Lindsey Buckingham 2:08
3. «Think About Me»   C. McVie 2:44
4. «Save Me a Place»   Buckingham 2:40
5. «Sara»   Stevie Nicks 6:22
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «What Makes You Think You're the One»   Buckingham 3:32
2. «Storms»   Nicks 5:31
3. «That's All for Everyone»   Buckingham 3:04
4. «Not That Funny»   Buckingham 3:13
5. «Sisters of the Moon»   Nicks 4:42
Side tre
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Angel»   Nicks 4:54
2. «That's Enough for Me»   Buckingham 1:50
3. «Brown Eyes»   C. McVie 4:27
4. «Never Make Me Cry»   C. McVie 2:12
5. «I Know I'm Not Wrong»   Buckingham 3:02
Side fire
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Honey Hi»   C. McVie 2:43
2. «Beautiful Child»   Nicks 5:23
3. «Walk a Thin Line»   Buckingham 3:48
4. «Tusk»   Buckingham 3:30
5. «Never Forget»   C. McVie 3:44

Nymastra dobbel luksusutgåve[endre | endre wikiteksten]

Ei nymastra versjon av albumet kom ut i 2004 på to CD-plater. Det inneheldt heile originalalbumet på den første plata, og forskjellige demoversjonar, unytta opptak og alternative versjonar på den andre plata.

Bonus CD[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «One More Time (Over & Over)»   C. McVie  
2. «Can't Walk Out of Here (The Ledge)»   Buckingham  
3. «Think About Me»   C. McVie  
4. «Sara»   Nicks  
5. «Lindsey's Song #1 (I Know I'm Not Wrong)»   Buckingham  
6. «Storms»   Nicks  
7. «Lindsey's Song #2 (That's All for Everyone)»   Buckingham  
8. «Sisters of the Moon»   Nicks  
9. «Out on the Road (That's Enough for Me)»   Buckingham  
10. «Brown Eyes»   C. McVie  
11. «Never Make Me Cry»   C. McVie  
12. «Song #1 (I Know I'm Not Wrong)»   Buckingham  
13. «Honey Hi»   C. McVie  
14. «Beautiful Child»   Nicks  
15. «Song #3 (Walk a Thin Line)»   Buckingham  
16. «Come on Baby (Never Forget)»   C. McVie  
17. «Song #1 (I Know I'm Not Wrong) [alternate]»   Buckingham  
18. «Kiss and Run»   Jorge Calderón  
19. «Farmer's Daughter»   Brian Wilson, Mike Love  
20. «Think About Me [Single version]»   C. McVie  
21. «Sisters of the Moon [Single version]»   Nicks  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Fleetwood Mac

Andre medverkande

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar: Fleetwood Mac, Richard Dashut, Lindsey Buckingham
  • Lydteknikarar: Lindsey Buckingham, Richard Dashut, Ken Caillat,
  • Assisterande lydteknikarar: Rich Feldman, Hernan Rojas
  • Mastering: Ken Perry
  • Remastering: Ken Caillat
  • Fotografi: Peter Beard, Jayme Odgers, Norman Seeff
  • Kunstnarisk leiing: Vigon Nahas Vigon
  • Design: Vigon Nahas Vigon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Topplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979/80) Plassering
Australian Kent Music Report[12] 2
Austerrike[13] 4
Canadian RPM Album Chart[14] 11
Nederland[15] 3
Frankrike[16] 3
Japan[17] 27
New Zealand[18] 1
Noreg[19] 6
Spania[20] 18
Sverige[21] 8
UK Album Chart[22] 1
US Billboard 200[23] 4
West German Media Control Album Chart[24] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
Australian Album Chart[12] 35
Canadian Album Chart[25] 69
Frankrike[26] 62
Liste (1980) Plassering
Australia[12] 17
Canada[27] 70
Nederland[28] 65
US Billboard Pop Album[29] 20

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "...group's new Tusk album scheduled to be released today...» (12. oktober 1979). «A Star for Fleetwood Mac». Los Angeles Times: E44. 
  2. Mawer, Sharon. Tusk av Fleetwood MacAllmusic
  3. Rolling Stone, 13 Dec 1979
  4. Robert Christgau review
  5. Starr, Red. «Album». Smash Hits (November 1–14, 1979): 29. 
  6. «American album salstrofé – Fleetwood Mac – Tusk». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Tusk%22.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  7. «British album salstrofé – Fleetwood Mac – Tusk». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx.  Enter Tusk in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  8. 8,0 8,1 «Fleetwood Mac/Peter Green». Fleetwood Mac. http://www.fleetwoodmac.org/peter-green.php. Henta Sep 9, 2011. 
  9. Rooksby, Rikky (1998). The Complete Guide to the Music of Fleetwood Mac. Omnibus Press. s. 115. ISBN 0-7119-6310-X. 
  10. Davis, Stephen (1991). My Life and Adventures in Fleetwood Mac. s. 219. 
  11. http://www.rocklistmusic.co.uk/nme_500_greatest_albums_2013.htm
  12. 12,0 12,1 12,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  13. «austriancharts.at Fleetwood Mac – Tusk» (på tysk) (ASP). Hung Medien. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=Fleetwood+Mac&titel=Tusk&cat=a. Henta 27. juli 2015. 
  14. «Top Album/CDs - Volume 32, No. 12» (PHP). RPM. 15 desember 1979. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.6876a&type=1&interval=50&PHPSESSID=c6btf3r8hs459qqt5ln3o3dcv5. Henta 11. august 2015. 
  15. «dutchcharts.nl Fleetwood Mac – Tusk» (på nederlandsk) (ASP). Hung Medien. MegaCharts. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Fleetwood+Mac&titel=Tusk&cat=a. Henta 27. juli 2015. 
  16. «InfoDisc : Tous les Album classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på French). infodisc.fr. http://infodisc.fr/Album_F.php. Henta 27. juli 2015. 
  17. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  18. «charts.org.nz Fleetwood Mac – Tusk» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. http://charts.org.nz/showitem.asp?interpret=Fleetwood+Mac&titel=Tusk&cat=a. Henta 27. juli 2015. 
  19. «norwegiancharts.com Fleetwood Mac – Tusk» (ASP). Hung Medien. VG-lista. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Fleetwood+Mac&titel=Tusk&cat=a. Henta 27. juli 2015. 
  20. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  21. «swedishcharts.com Fleetwood Mac – Tusk» (på Swedish) (ASP). http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Fleetwood+Mac&titel=Tusk&cat=a. Henta 27. juli 2015. 
  22. «Fleetwood Mac > Artists > Official Charts». UK Album Chart. http://www.officialcharts.com/artist/_/Fleetwood%20Mac/. Henta 27. juli 2015. 
  23. «allmusic ((( Tusk > Charts & Awards > Billboard Album )))». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r7405/charts-awards. Henta 27. juli 2015. 
  24. «Album Search: Fleetwood Mac – Tusk» (på tysk). Media Control. http://www.officialcharts.de/album.asp?artist=Fleetwood+Mac&title=Tusk&cat=a&country=de. Henta 27. juli 2015. 
  25. «RPM Top 100 Album of 1979». RPM. 22 desember 1979. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.6920&type=1&interval=20&PHPSESSID=c6btf3r8hs459qqt5ln3o3dcv5. Henta 3 October 2011. 
  26. «Les Album (CD) de 1979 par InfoDisc» (på French) (PHP). infodisc.fr. http://www.infodisc.fr/B-CD_1979.php. Henta 3 June 2013. 
  27. «RPM Top 100 Album of 1980». RPM. 20 desember 1980. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.0275&type=1&interval=24&PHPSESSID=mhe12pta2k83e08udtq66ot062. Henta 11. august 2015. 
  28. «Dutch charts jaaroverzichten 1980» (på nederlandsk) (ASP). http://dutchcharts.nl/jaaroverzichten.asp?year=1980&cat=a. Henta 2014-05-01. 
  29. Nielsen Business Media, Inc (20 desember 1980). Billboard.com – Year End Charts – Year-end Album – The Billboard 200.