Tussa Energi AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tussa Energi AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta i Møre og Romsdal.

Tussa Energi eig 13 og driv 15 vasskraftverk som i eit normalår produserer om lag 625 GWh. Kraftverka er geografisk spreidde på heile søre Sunnmøre. Oppgradering av gamle kraftverk og bygging av nye småkraftverk er satsingsområde for selskapet.

I Tussaområdet har Tussa Energi ein eigenproduksjon på 625 GWh. Dette er om lag 125 GWh mindre enn forbruket i området, som er på om lag 750 GWh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]