Tussa Kraft AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tussa Kraft As er morselskapet i Tussakonsernet, og yt administrative støttefunksjonar innan økonomi og finans, innkjøp, personal og informasjon til dotterselskapa.


Tussa Kraft har 25 tilsette og har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta. I heile konsernet er det om lag 320 tilsette. Konserndirektør er Elling Dybdal.


Visjon: Tussa - med kraft til å skape miljøvennlege og framtidsretta løysningar.


Forretningside: Tussa skal drive forretningsverksemd med utgangspunkt i produksjon, overføring og omsetning av energi- og kommunikasjonsprodukt. Varer og tenester skal vere basert på Tussa sin infrastruktur eller kjernekompetanse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]