Tutajev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tutajev
Тутаев
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Tutajev is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Jaroslavl oblast
Grunnlagd 1300-talet
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

41 427
Koordinatar 57°53′″N 39°32′″EKoordinatar: 57°53′″N 39°32′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 48533
Nettstad: www.admtutaev.ru/

Tutajev (russisk Тута́ев) er ein by i Jaroslavl oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar.

Før 1918 heitte byen Romanov-Borisoglebsk (russisk: Рома́нов-Борисогле́бск) og før 1822, då dei vart slått saman etter ordre frå tsaren, var det to separate byar: Romanov (på høgresida av Volga) og Borisoglebsk (på venstresida). Romanov har eksistert sidan 1300-talet og Borisoglebsk sidan 1400-talet. På 1400-talet vart Romanov styrt av khanar frå Den gylne horden.

«Promenade langs Volga» målt av Boris Kustodijev i Romanov i 1907.

Mesteparten av folkesetnaden bur på høgresida av elva (det tidlegare Romanov). Områda i byen som ligg nærast høgrebreidda til Volga har mange gamle trehus og historiske bygningar (inkludert den slåande Gjenoppstandelseskatedralen), men lengre unna elva er det bustadblokker frå sovjettida som dominerer. Det er ingen bru over Volga i Tutajev, så folk må bruke ferje eller reise nord til Rybinsk eller sør til Jaroslavl for å krysse elva.

Venstresida av elva har fleire kyrkjer: Krestovozdvizjenskij-katedralen frå 1658, Kazan-Preobrazjenskijkyrkja frå 1758, Frelser-erkeengelkyrkja bygd 1746-1751, Pokrovskajakyrkja frå 1674, Tikhonkyrkja frå 1911, Blagovestsjenskkyrkja frå 1660 og Leontevskaja-Voznesenskajakyrkja frå 1795.

I Tutajev ligg Tutajev Motorfabrikk, som er ein av dei største produsentane av dieselmotorar i Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tutajev